Du har sikkert høyrt Tungevaag & Raaban-hitane «Wolf», «Magical», Isaac Elliot-samarbeidet «Beast» og den siste låta «Wake Up Alone». Sistnemnte er forøvrig årets vignettlåt til Paradise Hotel på TV3.

Dei har produsert rundt 200 låtar kvar for seg til russ, Idol-artistar og anna. Dei møttes for fyrste gong då begge fekk i oppdrag å levere ein låt til den same russebussen. Men i staden for å levere kvar sin, gjekk dei heller i lag om låta.

Spellemannsnominerte

Det vart starten på eit fruktbart låtskrivarsamarbeid som har resultert i fleire store hits allereie.

– Vi fortsette berre å skrive i lag. Så kom «Samsara», fortel duoen om gjennombrotet frå 2015 som skaffa dei ein Spellemannsnominasjon i klassen Årets Hit.

Kvar for seg har Martin Tungevaag (t.h.) og Robbin «Raaban» Söderlund produsert rundt 200 russehits. Dei møttes fyrst då dei blei bedt om å lage musikk til den same russebussen, og då bestemde dei seg for å jobbe i lag.

Tungevaag & Raaban har klatra raskt oppover stigen, og dei er blitt ein etterspurd duo for dei store scenene. For kvar ny hit blir nye reisemål lagt til i planane.

– Vi har vore fire gongar til Thailand no, og vi skal mellom anna til Sør-Korea, Portugal, Bali og Italia, fortel Martin.

Det nærmaste han kjem konsert på heimebane i sommar, var på Terminalen i Ålesund, der dei spelte 9. juni.

Ålesund er også plassen der 23-åringen har fast adresse, sjølv om han er heime på Stadlandet så ofte han kan.

Maritim utdanning

Som så mange andre, starta han i fiskarbransjen.

– Planen min var å bli kaptein på fiskebåt, og eg har også arbeidd med det kvar sommar. Eg har også teke maritim utdanning, men så starta musikken å gå bra. Eg har fagbrev og full studiekompetanse, men det blei musikk i staden for høgskule, konstaterer Martin.

– Det bygg seg opp i Norge no. Vi gjer klubbar i vinterhalvåret, så spelar vi under open himmel i sommarhalvåret, fortel duoen.

Då er det full fest, «feelgood» og dansing som gjeld. Det er umuleg å ikkje bli reven med av deira smittsame hits.

Celebert samarbeid

– Vi lagar det som gjer at folk blir glade. Å sjå fansen vår synge songane våre på fyrste rad er det beste vi veit, seier Martin.

Men korleis veit ein at ein har klart å treffe slik at det blir ei landeplage?

– Når du høyrer ein låt éin gong, og hugsar den dagen etterpå. Då er den ein hit. Men om du ikkje hugsar ein dritt, så er det ikkje ein hit!, seier dei to unisont.

For kvar låt duoen lagar, så kjem dei høgare og høgare på hitlistene.

Nyleg spelte Tungevaag & Raaban konsert på klubben John Dee i Oslo. Utover sommaren blir det mange festar under open himmel for den populære duoen.

Det gjer også sitt til at andre artistar blir oppmerksame på den suksessrike duoen, og inviterer seg sjølve til samarbeid. Slik som den finske ungdomsstjerna Isaac Elliot.

– Vi trefte Isaac på ein festival i Finland, og det var han som ville helse på oss. Etterpå bestemde vi oss for å jobbe saman, fortel Raaban.

Ein ting duoen ofte blir spurt om, er kva draumepartner dei kunne tenke seg å jobbe med. Då er svaret det same kvar gong.

– Det finns mange, men vi seier alltid Justin Bieber. Han er kul, avsluttar Martin Tungevaag.

PS: Tungevaag & Raaban spelte forøvrig på etterfesten til Justin Bieber-konserten i Stavanger i starten av juni.