Sjølv om vêret ikkje minna mykje om ein sommarkveld midt i juli, var det godt besøkt på Skjærbuda i helga med omlag 200 betalande både fredag og laurdag. Dette freistar til gjentaking i følgje arrangørane.

– Det er imponerande og litt overraskande at ein klarer å fylle buda to kveldar på rad i slik veir, seier Bjørn Tungevåg i The Dock Event, som saman med Ludvig Skram og Jibben denne helga opna Skjærbuda på Silda for første gong i sommar.

– Til tross for friskt vêr på laurdagen, stoppa ikkje det folk frå å komme, og det viser jo at mange set pris på Skjærbuda, og at dei er opptekne av at der framleis skal vere drift, seier Tungevåg, og fortel at det var fantastisk artig å få liv i buda igjen.

Han fortel at Skjærbuda allereie er klar til neste gong, men at det enno ikkje er klart når dette vert.

– Vi satsar på iallfall ei slik helg til med budafest før hausten kjem. Og så kan det bli litt ope inn imellom om vêrgudane spelar på lag, seier han.

Anette Myre Silden var gjesteartist begge kveldar og synest det var på tide at buda opna.

– Det er ei unik stemning her ute, og alltid kjekt å vere her. Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at det har vore ei kjempehelg, seier ho.

Isak Søraa og trubadur Peter Rønning var også med og underheldt begge kveldane, medan Håkon Kongshaug og Nicco spelte fredagskvelden.