Eva & the Heartmaker flytta inn og fylte Havly pensjonat til randa søndag. Og publikum let seg tydeleg imponere.

I samband med Bremanger Rockweekend spelte Eva & the Heartmaker for fullt hus på Havly søndag. Planen var å halde konsert på Steinfjellet, men grunna dårleg vêr blei konserten flytta inn.

– Eg gler meg allereie til eg skal tilbake, sa Eva Weel Skram til publikum.

Saman med kjærasten spelte ho både eigne låtar og coverlåtar, og fleire gongar stemde også publikum i.

– Heilt i hundre

Hilde Hauge, Norvall Klungresæter og Roger Igland er alle med i Opplev Bremanger som står bak arrangementet. Dei fortel at folk har vore «heilt i hundre» heile helga.

– Det var litt dårleg oppslutning torsdag og fredag, men dei som var der sørga for at det ikkje la ein dempar på stemninga i det heile.

Til konserten med King Pleasure & the Biscuit Boys fredag var det seld om lag 130 billettar, medan alle dei 170 billettane til Eva & the Heartmaker var utseld søndag. Torsdag hadde lokale artistar Springsteen-jam og laurdag kom Mezzoforte tilbake til Havly etterfølgd av det lokale bandet Silo.

Vellukka endring

Til forskjell frå dei andre åra har arrangørane i år prøvd å tone det heile litt ned.

– Vi var nøydde til å finne på noko etter oppslutninga i fjor, og gjekk derfor for eit litt annleis program med mellom anna færre konsertar, seier Igland.

Dei meiner endringa har vore vellukka.

– I tillegg er det veldig stas for publikum å få lov til å helse på dei store artistane etter konserten. Ein kjem tett innpå, og det er folk takksame for, fortel komiteen.

Vil treffe alle

Arrangørane fortel at dei er opptatt av gode musikkopplevingar, og prøvar å treffe flest mogleg.

– Vi vil at her skal vere noko for alle, også dei som ikkje går så ofte på konsertar.

Dei påpeiker at ein på konserten til Eva & the Heartmaker kunne sjå både små born og folk heilt opp i 80 år.

Dei understrekar at særleg ungdommar synest det er stas å kome heim om sommaren og samlast på Rockweekend.

– Og så er det jo sjølvsagt viktig at vi skapar aktivitet, avsluttar dei.