Mille Gangsøy frå Skavøypoll, Theptida Barmen frå Raudeberg, Tuva Danielsdotter frå Holvik og Max Marree-Wegman, opphavleg frå Måløy, og familiane deira er med i den nye serien. I kvar sin episode viser dei korleis det er å vekse opp i nettopp deira familie.

– «Bli med heim» er om barns oppvekst i familiar, der familien set spesielle vilkår for korleis oppveksten til dette eine barnet er, seier producer i NRK Sogn og Fjordane, Eva Westvik, som sjølv er frå Måløy, i ei pressemelding.

Ho fekk ideen til serien ein feriedag for tre år sidan.

– Eg sat på stranda og studerte nokre familiar rundt meg då det brått slo meg at familietemaet kunne bli ein ny barne-tv-serie. Målet med serien er å vise at sjølv om det vi ser rundt oss er ulikt, så er kanskje mesteparten likt.

Tuva Danielsdotter frå Holvik veks opp i ein familie som har som mål å leve mest mogleg berekraftig.

Westvik og fotografane Arne Stubhaug og Ole Andre Rekkedal i NRK Sogn og Fjordane har brukt heile 2017 på å lage ni episodar.

– Kvar tysdag i ni veker blir det «Bli med heim», og ungane kjem frå Vågsøy, Jølster, Bergen, og Austevoll. Premieredagen blir alle dei ni episodane lagt ut i nettspelaren til NRK Super, så då kan alle sjå alle episodane når dei vil, seier Westvik, som i desse dagar startar arbeidet med å lage ein ny sesong «Bli med heim».

– Om nokon har tips til ungar i alderen seks til ni, ti år med interessante familiar, er det berre å tipse, seier Westvik.