Jarl Magne Silden er 54 år og bur i Holvik. Han er gift og jobbar som fiskar, reiar og leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

– Kva har du gjort i sommar?

– Mesteparten av tida har eg vore på Rockall på fiske. Elles har eg vore mykje heime, og så har eg vore ei veke i Irland. Der var temperaturen litt betre enn her til lands.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Med det vêret vi har hatt i år er alt av sydlegare strøk å føretrekkje. Eg er veldig glad i Gran Canaria, og elles likar eg å besøke nye plassar rundt om.

– Korleis beskriv du ein perfekt sommarkveld?

– Grilling av fersk fisk på terrassen heime i Holvik utan ein einaste mygg. Det hadde vore perfekt. Ein varm kveld på Refviksanden er heller ikkje feil.

 – Kva må du ha om sommaren?

– Jordbær, softis og ikkje minst ei stor strålande sol.

– Kva les du i lokalavisa?

– Kavringen, og dei lokalnyheitene som er. Eg er ikkje så glad i sport, så den hoppar eg glatt over.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– At Stad skipstunnel endeleg er opna, eller at det er løyvd pengar til fiskerimuseet i Måløy.

– Kva saker opptek deg?

– Det er viktig å ta vare på historia som har bygd opp lokalmiljøet. Her på kysten er fiskerihistoria ekstremt viktig. Det er fiskeria som har bygd opp samfunn som Vågsøy, og Måløyraidet og krigshistoria er ein del av fiskerihistoria vår.

– Kva sak i lokalmiljøet vil du jobbe for?

– Eg ønsker å skape aktivitet i Vågsøy, og gjere fiskeflåta meir synleg. Vi treng og eit meir allsidig næringsliv.

– Kva vil du vise tilreisande?

– Eg vil vise dei fiskerimuseet, og naturperler som Kannesteinen, Kråkenes og Refviksanden.

– Kva er din største draum?

– At norske fiskarar får annerkjennelse for det dei har gjort for å sikre Norge dei store havområda vi har suverenitet over. Dette spesielt med tanke på oljen og fiskeressursane.