– Korpset har så mange gode musikarar, og å kjenne at ein klarer å henge med, motiverer, seier Jan Sæthre og Rolf Sundal, som begge har vore medlem i 54 av dei 90 åra Kjølsdalen Musikklag har eksistert.

No klarer dei nesten ikkje tenke på å slutte ein gong.

– Nei, det trur eg vi får problem med, ler dei, og legg til:

– Det er ein flott hobby som vi no har i blodet.

Dei første åra etter skipinga i 1926 spelte eit uerfarent Kjølsdalen Musikklag hymnen No takka alle Gud opp att og opp att på 17. mai. 90 år seinare kan dei spele det meste, har vunne Nordvesten i si klasse og fått andreplassar i NM i brass.

29. oktober deltek musikklaget i Nordvestmeisterskapen igjen. Og under jubileumskonserten i Kjølsdalen samfunnshus fekk publikum høyre meisterskapsprogrammet. Det enda med ståande applaus frå dei nær 250 publikummarane i salen.

Det fekk også ess-kornettist Jon-Vegar Sole Sundal for sin solo på La Califfa. Musikklaget imponerte også innleiingsvis med å spele fleire songar på instrument datert frå laget sin oppstart og før.

– Det går bra å spele på dei, men det krevde øving. Utan ville det ikkje blitt bra. Sånn det alltid er i korps, smiler Eldrid Rimmereid, som til dagleg speler ein meir moderne tuba. I tillegg ønskte også Kjølsdalen skulemusikk musikalsk til lukke med dagen frå scena.

Har gått i bølger

Kjølsdalen Hornmusikklag vart skipa i 1926 etter mal av Eid Hornmusikk og Davik Hornmusikklag. Det er litt usikkert kven som var med i starten, men på eit bilde frå 1928 er dei oppe i ni medlemmar, deriblant Birger Kjøllesdal, Jørgen Berstad og Alfred P.O. Humborstad, dei tre som stod i bresjen for skipinga.

Etter krigen og utover 50-talet blei det tynt med medlemmer. Rundt 1960 blei det derfor gjort ein innsats for å rekruttere, og i 1962 begynte elleve nye medlemmer, inkludert Jan Sæthre og Rolf Sundal, og laget talte då 16. Men ingen jenter, for dei fekk ikkje vere med før på slutten av 60-talet.

– Det var vel i 1968–69. Dei måtte grine seg til det, men vi i korpset syntest jo berre det var kjekt, seier Rolf Sundal. Etter nokre år flata vekstkurva ut igjen, og Kjølsdalen skulemusikk blei skipa. Med skulekorpset som samarbeidspartnar snudde trenden.

– Utan skulemusikken hadde ikkje Kjølsdalen Musikklag vore det same i dag, seier Terje Gilleshammer, som var konferansier under konserten.Omtrent halve skulemusikken er i dag med i musikklaget.

– Eg blei med fordi dei trengde hjelp til NM, men så var det så kjekt at eg blei med vidare, smiler Elise Lefdal (16).Etter at mangeårig dirigent og eldsjel i musikklaget, John I. Sundal, gav seg på 70-talet, tok Ole Reinhardt Bugjerde over taktstokken og beheldt den i 17 år. Laget opplevde ei positiv utvikling. Ungdommar frå andre bygder i Eid begynte å melde seg inn, og ein begynte å delta i korpskonkurransar. No har Kjølsdalen Musikklag etter kvart blitt ein institusjon i bygda, og julekonserten i kyrkja er årleg tradisjon.

– Vi kjenner støtta frå bygda. Det er ei heil spesiell dugnadsånd, ikkje nei hos nokon, seier leiar i musikklaget Anne Britt Dypveit, og får støtte frå ordførar Alfred Bjørlo:

– Kjølsdalen Musikklag har ein veldig kvalitet i alle ledd, godt drive med proffe dirigentar. Andre bygder som slit med å halde oppe aktiviteten, kan reise på studietur til Kjølsdalen og sjå korleis dei gjer det. For dei har knekt nøtta!