Laurdag 7. april stiller nemleg Bremanger skulemusikk og Bremanger musikklag saman til konsert i Bremangerhallen. Konserten har fått namnet Happy. Det var Bremanger skulemusikk som først spurte musikklaget om dei ville jobbe saman.

– Vi i skulekorpset er heile tida på jakt etter prosjekt og ting vi kan gjere. Framføringar er viktige for framdrifta til eit lag. Det gir oss også litt inspirasjon, bygger oss opp og styrker ryggrada, seier Klungresæter, som fortel at korpsa har jobba fram konseptet saman.

– Litt av varemerket til både skule- og vaksenkorps er at vi starta med band- og vokalistprosjekt. Skulekorpset basert på ein film tidleg på 90-talet, Commitments, og så hadde vi også eit Blues Brothers-prosjekt. Og musikklaget har hatt sine prosjekt bygd over same lest, og hatt rimeleg god suksess med det. Så alle hadde veldig lyst å vere med på dette.

– Det vert over 50 aktørar på scena og forhåpentlegvis stort publikum, seier leiar i Bremanger skulemusikk Kirsti Svarstad.

Blues Brothers: Spesielt to filmar har inspirert Bremanger skulemusikk, Commitments, og som vi ser på bildet her – The Blues Brothers.

Dette gir skulekorpset ein heilt annan dimensjon enn ein vanleg korpskonsert.

– Meistringsfølelse og stoltheit gir motivasjon. Dei forstår dei har valt ein hobby for livet. Vi er sikre på at slike tiltak er med på å bevare og rekruttere fleire inn i korpsa, legg Svarstad til.

– Kva er den raude tråden i Happy?

– Vel, at det ikkje er nokon! Vi kjem til å spele rytmisk musikk i tillegg til nyare popsongar som Happy og Elektrisk med Marcus og Martinus. Det blir også litt meir klassisk rock med Eye of the Tiger, litt Stevie Wonder, i tillegg til songar frå Blues Brothers og Commitments, seier Klungresæter.

Skulemusikken og musikklaget har nyleg hatt ei god konsertoppkøyring.

Øvingshelg: Terje Tafjord var nyleg på besøk for å inspirere og motivere til innsats under Happy-konserten 7. april.

– Vekevise øvingar og ei fantastisk seminarhelg med Terje Tafjord som instruktør viser resultat, seier Svarstad, som legg til:

– I Bremanger er vi heldige å ha ein stor bukett musikarar å be med oss. Etter kvart som korpsa har øvd inn låtane, blir det heile toppa med dei gode musikarane Jarle Grotle på piano og Roger Igland på bass.

I tillegg stiller vokalistane Grete Berntzen, Monica Liseth Hauge, Elisabeth Solbakken, Halvor Nesbakk, Rakel Førde Værø og Jim Steven Igland.

– Og dirigentane Norvall Klungresæter og Trond Strand vil på sitt eineståande vis både dirigere, spele og vere vokalistar, avsluttar Svarstad.