Eirill Dæmring (5) storkoste seg då 2.000 publikummarar gjekk mann av huse for å oppleve musikalen The Sound of Music i Operahuset i helga.

– Å synge er det aller beste, synest ho, som spelar vesle Gretl i familiemusikalen. Ho har vorte den vesle maskoten til alle, og sjarmerte på scena med marsjering, mange replikkar og synging heilt åleine.

Fornøgde

Fullstappa operasalar syntest ho var berre kjempekjekt.

– Vi har øvd på å bukke, smiler ho.

På scena hadde ho også med seg pappa Dag Inge, som spelte den tyske admiralen.

– Pappa gjer som han skal, fortel femåringen. Eirill har vore heime frå barnehagen ein god del siste tida.

– Vi ligg lenge på morgonen, søv middag midt på dagen – alt for å vere klar til seine kveldar med speling. Ho kosar seg saman med dei andre ungane, og ho er ein liten maskot for alle. Eirill likar seg godt på scena, vi må berre huske å gå på do før ein går ut på scena, seier pappa Dag Inge Dæmring, som er veldig stolt over dottera.

Fire fulle hus

Opera Nordfjord let både amatørar og profesjonelle få blomstre på scena. Saman skapte dei magi i ein musikal som appellerer sterkt til publikum. Her fekk ein oppleve dei sju sjarmerande ungane til kaptein von Trapp (Erlend Ona Gjul), nonna Maria (Jorunn Torsheim), vakker song og musikk, mykje humor, kyss og kjærleik, glede og alvor.

Også Alexa Melheim (15) frå Eid trivast godt på scena i nonnekoret.

– Det er så gøy å framføre for fullsette salar. Musikalen passar for alle, og eg trur her er yngre publikum enn på opera.

– Dette er over alle forventingar. Vi trekker alle aldersgrupper, og klarer å fylle fire fulle hus. Musikal er noko vi må satse på seinare, seier Michael Pavelich, som er regissør og musikalsk leiar for musikalen.

Aktørar frå åtte ulike kommunar var med på musikalen.

– Dette er fylket sin eigen opera og flaggskip, og dette er verkeleg eit fylkesarrangement. Her tar ein heile fylket i bruk med aktørar frå heile Sogn og Fjordane og Sunnmøre, sa fylkesordførar Jenny Følling, som offisielt opna premieren fredag.

Ho gledde seg stort til å oppleve musikalen som ho kalla barndomsminner til ein heil generasjon.