Eidaren Aleksander Raftevold slepp i dag, fredag, EP-en han meiner vil bekrefte kven han er musikalsk.

13. november spelar Aleksander Raftevold, som går under artistnamnet Aleks Grey, i Gamlebanken i Eid. Men før den tid slepp artisten debutplata sin Souls, som er spelt inn i det kjende Parr Street Studios i London.

Eidaren hentar inspirasjonen sin frå kjende band som Coldplay og One Republic. I tida framover blir det fleire konsertar frå den EP-aktuelle artisten. Som nemnt spelar han på Gamlebanken i Eid 13. november.

I tillegg skal Raftevold spele på NRKs Julelutt, og hos BBC-verten Dave Monk sin konsert på The Cavern Club.Det var i 2013 at han flytta frå Norge til Liverpool, der han no har base.

I fjor hadde han si fyrste turné i Norge, og på same tid byrja han å få speletid på mellom anna BBC Merseyside og NRK. I år sikra han seg òg eit samarbeid med det britiske BR-selskapet Blue Soap Music.Artisten har tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende at han meiner den komande EP-en er ein stadfesting på kven han er musikalsk.

Frå før av har han gitt ut dei to singlane frå EP-en, Feel Alive og Unstoppable.