Då Eid-ordførar Alfred Bjørlo og familien var på tur til Ytre Fure på Stadlandet søndag, oppdaga dei ein sommarfuglart som aldri før har vore sett i Sogn og Fjordane.

– I går var eg og familien på tur til Ytre Fure på Stadtlandet. På vegen synte dottera mi Ingebjørg meg ein sommarfugl som sat i graset i sjøkanten.

Dottera til Alfred Bjørlo, Ingebjørg, fann ein sommarfugl som ikkje har vore observert i Sogn og Fjordane før.

Som utdanna insekt-biolog har Bjørlo ein del insekt-bøker heime.

– Eg fann til mi overrasking ut at dette ser ut til å vere ein art som «ikkje skal finnast» i Sogn og Fjordane, men som er sagt å ha nordgrensa si i Hardanger. Og så dukkar han altså opp i Selje!

På latin heiter arten Maniola jurtina, på norsk Rappringvinge.

På latin heiter arten Maniola jurtina, og på norsk heiter den Rappringvine.

– Det finst ei norsk nettside som heiter «Artsobservasjoner», der biologar landet rundt legg inn sine funn. Heller ikkje her er Rappringvinge tidlegare registrert i Sogn og Fjordane, slår Bjørlo fast.

– Så dette er rett og slett ein ny art for Sogn og Fjordane - ytst i havgapet på Stadlandet! Mest av alt fortel dette noko om kor dårleg kartlagt det biologiske mangfaldet i fylket vårt er - og kor mykje «skattar» som lurer ute i naturen for den som leitar.