Rekordmange kom for å sjå då avgangskullet på Eid vidaregåande skule sette opp «Kongeleg varieté» i operahuset.

– Vi selde 774 billettar til saman, det er 49 fleire enn den gamle rekorden, fortel russepresident og revysjef, Stein Inge Torheim, stolt.

Saman med dei tre andre revysjefane var han strålande nøgd etter revyhelga.

– Det gjekk over all forventning. Det er heilt utruleg at vi fekk det til så bra, og at alt gjekk etter planen.Dei unge revysjefane innrømmer at det ikkje er berre-berre å sette opp revy, men påpeikar at heile prosessen har vore prega av eit kjekt stress.

– Akkurat no er det veldig herleg at det er over, men vi kjem til å sakne dette, så det er trist også, seier dei.

Lokal og nasjonal parodi

Totalt var det 80 avgangselevar som var med på å gjere årets russerevy til ein storsuksess både på og bak scena. 28 av dei hadde roller med replikkar.

Daniel Larsen var med i fleire av scenene som Ottar Bjørkedal, og var nervøs før han skulle i elden.

– Eg har aldri vore på ei scene før, og trur i grunnen eg har litt sceneskrekk, men den skal eg trosse, konstaterte han.

Ein av dei som verkeleg fekk gjennomgå i ein av eida-russen sine mange parodiar var ordførar Alfred Bjørlo.

– Det er nesten litt flaut kor godt dei treff. Dei kjenner meg litt skummelt godt, humrar Bjørlo og legg til:

– Russerevyen er eitt av årets høgdepunkt. Det er kanonbra underhaldning, og eg tek sjølvsagt parodiane med eit stort smil, og det trur eg kongehuset også ville ha gjort.

Feiringa enda bra til slutt

Årets russerevy tok for seg ei fiktiv feiring av Kong Harald V og Dronning Sonja sine 25 år på trona.

Feiringa skulle gå for seg på Operahuset Nordfjord, der kongen igjen skulle bli krona for å få retten til å kalle seg konge og behalde trona.Men med sjalusidrama både i kongehuset og i operahuset sine eigne rekkjer blei krona bortført og feiringa nesten spolert.

Eidarussen passa likevel på å vise Nordfjordeid og innbyggjarane fram på ein god måte, så då vidaregåande-lærar Jørn Inge Festøy, spelt av Rakel Sætren, blei krona ved eit uhell, valde han å gje krona tilbake til sin rettmessige eigar.