– Eg let meg dessverre overtale, seier Paul Ragnar Frøyen (79). Han redda bokprosjektet for 150-årsjubileet til Frøya kyrkje.

Jubileumsboka, som vert gjeven ut på oppdrag frå soknerådet, fekk ein trong fødsel. Sjukdom på fleire frontar førte til at prosjektet kom seint i gang. Olav Jarl Frøyen i boknemnda fortel at han fekk ideen om å hyre den pensjonerte og heimflytta kjemiprofessoren Paul Ragnar Frøyen då han trefte han på butikken.

– Eg sa først nei, men let meg overtale, dessverre. Det har vore eit kolossalt arbeid. Og eg er kjemikar, ikkje geistleg. Det har vore tre-fire månader hardt arbeid, seier forfattaren.

Dette er ikkje berre ei bok som handlar om kyrkja, men om heile Kalvåg-samfunnet.

Personleg forfattar

Forleggar Torkjell Djupedal seier Frøyen har sett eit tydeleg preg på boka.

– Han har veldig mykje kunnskap om lokalsamfunnet her. Det styrkjer boka, for han fortel personlege historier, og han er ikkje redd for å markere eigne synspunkt, seier Djupedal.

Frøyen fortel at han har hatt sine feidar med forlaget om desse tinga, men dei vart samde til slutt.Eit av synspunkta som kan verke kontroversielt, er at Frøyen meiner det hadde vore betre å plassere kyrkja på Rylandseidet, slik mange ville i 1865. Det var ein hard bygdestrid før Frøya kyrkje vart bygd, sidan kyrkja vart flytta frå Grotle.

– Kyrkja er innebygd på tre kantar, ho ligg ikkje på ein ideell stad.

Astrup fødd i prestegarden

Det er både dramatikk og meir kuriøse innslag i boka. To spesielle gravferder får stor plass og er godt dokumentert fotomessig. Den eine er frå 1917 då skonnerten «Push» gjekk ned og tre lik dreiv i land i Bremanger. Ein svensk og ein dansk soldat vart gravlagt ved kyrkja. Det var den største gravferda i manns minne, sjølv om ingen kjende dei to.

Den andre gravferda som får stor plass er den til Bernt Pedersen og sonen Verner som omkom på sjøen, saka var spesielt tragisk sidan ei kone og mor vart sitjande att åleine.

Av dei meir kuriøse opplysningane som kjem fram, er at kunstnaren Nikolai Astrup vart fødd i prestegarden på Frøya i 1880 og budde der til han var tre-fire år. Faren Christian Astrup var prest og mest kjent for å halde lange preikar.