For Julie Falkevik Tungevåg (27) har det aldri vore noko tvil. Lage og framføre musikk er det ho skal drive med i livet.

– Det kjekkaste eg veit er å stå på scena og spele for folk. Eg har aldri hatt ønske om å stå fremst og vere den store artisten, men eg kan godt spele i bandet til ein stor artist. Å vere med på sirkuset og vite at du trengst, at utan deg så går det ikkje. Men utan at trynet ditt dukkar opp i Se og Hør eller VG, seier Julie Falkevik Tungevåg.

Ho er frilansmusikar, spelar fleire instrument og er med i fire-fem band i tillegg til å fullføre mastergraden i utøvande rytmisk musikk. I år håpar musikaren frå Deknepollen i Vågsøy på både singelutgivelse og turné.

Julie kan ein treffe på i alt frå bryllaup til festivalar, og så kan ein ha sett ho på TV med musikar Hanne Sørvaag.

– Eg håpar det blir meir speling med Hanne, og er klar til å seie ja dersom ho ringer, seier Julie, og legg til at det var kjekt å gjere TV.

– Å spele konsert er ein ting, men her har ein lydprøve, bildeprøve, sminke, og det går heile dagen. Så er det jobb i tre minutt, det er fascinerande, fortel ho om då ho var på God Morgen Norge tidlegare i år.

Andre kjende namn Julie har jobba med er Erik Faber, Askil Holm, Alice & The Mountain, Tine Skolmen, Jenny Jenssen, Amund Enger samt Josefin Winther og Carl Espen frå MGP.

Les heile reportasjen i Fjordenes Tidende si papirutgåve.