– Uansett kvar du ser, så ser du noko nytt, seier Roy Husevåg om inngangen til det som skal bli Nord-Vågsøy sitt nye kulturhus.

Fire arkitektstudentar ved Bergen Arkitekthøgskule har denne veka stått på for å gi parkeringsbygget og inngangen til det komande kulturhuset på Raudeberg eit ansiktsløft.

– Den gamle inngangen var vekkgøymd og var vanskeleg å sjå, seier han, og legg til:

– Vi ønskte å lage det slik at ein vert trekt mot inngangen som ligg inst i garasjen, og som viser at det skjer noko her. Det vil bli eit viktig bygg for heile Nord-Vågsøy, som kulturhuset er for.

Lokale element

Arkitektstudentane prøvar å få inn lokale element i kunstverket dei har mala på asfalten i parkeringshuset.

– Vi har reist litt rundt i lokalområdet, for eksempel til Refvik, Kvalheim og Kråkenes for å hente inspirasjon. Kanskje dukkar det opp element som ein kjenner att, seier arkitektstudenten frå Vågsøy.

Resten av gjengen han har med seg for å gjennomføre prosjektet er frå ulike delar av landet.

– Etter å ha blitt spurt av Aktiv Raudeberg om eg kunne gjere noko på kulturhuset, fekk eg med meg tre klassekameratar som hadde lyst til å bli med, fortel han.

Dei tre er Eivind Hustvedt frå Stavanger, Normann Krystad frå Risør og Stein Atle Juvik frå Askøy.

– Modig gjort

– Det er modig gjort av dei å starte eit slikt prosjekt. Det er veldig kjekt å halde på med måling. Vi har gjort liknande ting før, men aldri i så stor skala, seier Stein Atle Juvik.

Mønsteret er måla i tre nyansar av raudt, og har element som representerer staden, både godt synleg og gøymt i mønsteret. Arkitektstudentane har fritt brukt fantasien under arbeidet.

– Vi ønskte å skape ei 3D-effekt og skape rom i mønsteret. Det har blitt til eit merkeleg, raudt landskap, smiler Husevåg.

Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg er godt nøgd med arbeidet arkitektstudentane har lagt ned.

– Dei har gjort eit omfattande arbeid, og det har blitt veldig fint og spesielt. Det må vere den finaste garasjen i Noreg, seier han.