Namn: Fredrik Hovdevik

Alder: 17

Bustad: Åheim

Sivilstand: singel

Yrke: student

– Kva skal du i sommar?

– Eg skal jobbe nokre helger, og så skal eg to veker til Mallorca. Elles skal eg slappe av og trene.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Eg er veldig glad i USA, og då spesielt California. Eg har familie der borte, og det er ein fin plass. I tillegg er der som oftast fint vêr.

– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag?

– Ein solskinnsdag som inneheld fjelltur, fisking og grilling med gode vener.

– Kva er din favoritt-is?

– Det er ingen tvil om at det er Pistasj-is!

– Har du ein favorittfjelltur?

– Eg går mykje i fjellet på Åheim, men kunne tenkt meg å sjå Galdhøpiggen og elles rundt i Jotunheimen.

– Kva er typisk sommar for deg?

– Fjellet, trene, bade i sjøen og på fjellet, plukke molter og vere mest mogleg utandørs.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Alle turane eg hadde til USA saman med familien min då eg var mindre.

– Kven vil du gi ei korg jordbær?

– Foreldra mine, fordi dei er gode foreldre, og så hadde eg sikkert fått smake.

– Har du ein hobby?

– Eg spelar fotball, og så spring eg ein del og deltek både i motbakkeløp og gateløp.

– Kven beundrar du?

– Henrik Ingebrigtsen. Han er utradisjonell og føl ikkje Jantelova. I tillegg er han ein veldig god idrettsutøvar.

– Kva gjer deg glad?

– Fint vêr, familie og vener.

– Kva gjer deg trist og lei?

– Når det er grått ute. Vêret er ofte med å bestemme humøret.

– Kva les du i lokalavisa?

– Eg er litt interessert i politikk. Og så les eg sporten og andre lokale nyheiter.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Den gode dugnadsånda, der alle er med, og saman får til mykje.

– Kva er din største draum?

– Å bli ein suksessfull gründer som klarer å starte noko sjølv.