– Vi gjer likså godt dette til ei kulturnatthelg. Vi håpar at vi ved å legge kulturnatta over fleire dagar også kan auke forståinga av kulturnattomgrepet, og på den måten få endå fleire til å vere med på dette, seier Janne Mari Hjelle i kulturavdelinga i Vågsøy kommune, og legg til:

– For alt er kultur, og alle kan vere med. Kultur er ikkje noko som er fastlåst til det som skjer frå ei scene ut i ein sal. Kultur er også idrett, hobby, mat og mykje meir, seier ho, og viser til Kraftstasjonen, ein av aktørane som allereie har sagt at dei vil delta på Kulturnatthelga som går av stabelen 10. til 12. november.

Matkulturen viktig

– Mat er absolutt ein viktig del av kulturen, noko ein kanskje ofte gløymer litt. Mat handlar både om identitet og kultur, samtidig som det har sosiale sider, seier innehavar av Kraftstasjonen Bente Vonheim.

Dei fortel at dei har utvikla eit arrangement dei kallar «Sansequiz» spesielt for denne helga.

– Vi tek vår vanlege quiz steget vidare og legg på sansane slik at folk må vere meir aktive. Vi skal lytte, sjå, lukte, smake og føle, seier Vonheim og kjøkkensjef Sandra Refvik.

– Ein kjem som eit quizlag, og ein kan risikere å bli mett, åtvarar dei med eit smil.

Vonheim droppar også hint om ting som «føleboksar» og «luktekrukker».

– Det kan absolutt bli spennande!

Kulturdryss

Arrangementa på Kulturnatta har dei siste åra vore haldne i Nordfjordhallen med «Kulturdryss frå scena», og idrettar og fritidsaktivitetar rundt om på resten av huset. Desse arrangementa vil framleis vere der.

– Fredag blir det Kulturdryss, der du får sjå både kulturskulen, korps og kor på scena, og vi inviterer lag og organisasjonar til å vise seg fram på stands. Vi har også fått med oss disc golfklubben, klatreklubben, turn- og handballgruppa med fleire til å vise kva dei driv med. Men her er plass til fleire, så berre ta kontakt om du eller laget ditt kan bidra på scena eller vil vise dykk fram i hallen, seier dagleg leiar ved Nordfjordhallen, Ronny Silden Totland, som også har aktivitetar andre dagar enn fredag.

– Laurdag blir det aktivitetsdag i hallen, og i løpet av helga blir det også ein handballkamp.

Vise det lokale

– Kva er målet med Kulturnatt?

– Det handlar i all hovudsak om å vise fram det lokale kulturlivet, seier tenesteleiar kultur Odd Gunnar Myhre, og får støtte av Hjelle.

– Det er ein fin sjanse for lag, organisasjonar og andre til å vise seg fram. Og ein skal ikkje vere redd for at det skjer for masse på ei helg. Vi vil vise fram breidda, og då må jo breidda vere der. Om nokon vil selje grytelappar, vise fram handverk i gata, ha eit hundeshow, halde ein minikonsert på eit av eldresentera, lansere ei bok, kva som helst, så har ein sjansen her. Alt er lov, og vi hjelper med marknadsføringa under Kulturnatt-paraplyen, seier Hjelle, og legg til:

– Det er jo også ein gyllen sjanse til å skaffe seg fleire medlemmar.

– Og på den andre sida, for publikum, er Kulturnatt ein sjanse til å sjå kva kommunen har å by på. For eksempel for heim- og tilflyttarar til å få litt oversikta over kva som skjer her, supplerer Ronny Silden Totland.

Så langt veit dei at Kraftstasjonen er med, biblioteket skal ha spøkelsesnatt som i fjor, på kinoen har dei førpremiere på den nye Knerten-filmen og ungdomsklubben held ope.

– Men vi vil gjerne ha med oss mange, mange fleire. Har du ein idé, ta kontakt, så kan vi spinne vidare på den saman med deg, seier Myhre.

– Om det kor, korps, butikkar, skular, barnehagar, kva som helst. Ta kontakt, så kan vi kople folk som kanskje kan jobbe saman. Moglegheitene er uendelege, og vi er veldig glade for å få lov til å legge til rette, koordinere og hjelpe med marknadsføringa, avsluttar Hjelle.