Namn: Roald Halsør

Alder: 56 år

Adresse: Selje

Sivilstatus: sambuar med katten Siri

Yrke: butikksjef

Hobby: konsertar

Aktuell med: er med å arrangere Seljumannamesse, ved Selje kloster søndag 3. juli.

– Kva er Seljumannamessa?

– Seljumannamesse er ein merkedag i kyrkjeåret til minne om Sankta Sunniva og Seljemennene som kom frå Irland og som etter segna omkom i ei hole på Selja. Dette vart starten på Sunnivakulturen og etableringa av Selja som heilagstad og eldste pilegrimsmål i Norge.

– Kor ofte blir messa arrangert?

– Seljumannamesse er kvart år den fyrste søndagen i juli, bortsett frå når søndagen fell på 8. juli som er Sunnivadagen. Andre trusamfunn har feiring 8. juli kvart år.

– Kva skjer under messa?

– Det er ei flott gudsteneste som er ei stor oppleving å vere med på. Det er spesielt å ha gudsteneste ute på klosteret i naturen der du har havet og fjella så tett inn på. Det er mange prestar som deltek på denne messa og St. Hallvard-guttene er her for femte gong og syng saman med Helene Bøksle, Line Dybedal og Jon Inge Sigerland deltar også.

– Og ein bør kle seg etter vêret?

– Det bruker å vere gode opplevingar på øya, men det må ikkje vere for mykje vind og regn. Det er viktig å kle seg godt.

– Korleis trur du publikum vil oppleve Seljumannamessa?

– Dei som er på messa gjev gode tilbakemeldingar og ein del kjem igjen år etter år. Den er spesiell og det er alltid ei god preike. Det at vi har med kvalitet på song og musikkopplegget betyr veldig mykje. Her legg vår dyktige organist ned ein formidabel innsats. Det kjem òg 31 pilegrimar frå Møre som skal få med seg konserten laurdag og messa søndag.

– Og så blir det fleire konsertar denne helga?

– Første konsert var torsdag i Rugsund. Fredag er Helene Bøksle og St. Hallvardguttene klar for Sør-Vågsøy kirke. Vi håper mange kjem på denne konserten i Måløy. Laurdag er det konsert i Selje og det ser ut til at det vert mykje folk. Avslutningskonserten blir i Sagedammen kulturpark i Ulvedal i Stryn. Om det vert stygt vêr blir den flytta inn i kyrkja.

I samband med Seljumannamesse arrangerer Stadt Naturguiding pilegrimsvandring langs gamle kyrkjevegen frå Dragseid til Liset laurdag 2. juli. Ein får høyre historier frå vikingtida og Olav Tryggvason som kristna fire fylke her, til livet langs kyrkjevegen som folk brukte til over 1900-talet.