Monica Liseth Hauge og Martine Røys Nesbakk gler seg til å få utforske skodespelarsida ved seg sjølve i Der Båra Bryt.

For mange er Monica Liseth Hauge (44) frå Igland i Bremanger kjend som songar. Men ho er nesten glad for at det blir lite song denne gongen.

– Det gjer meg ikkje noko å synge, men det er veldig kjekt å få spele skodespel. Det likar eg godt, seier ho, og fortel om eitt år med musikk og drama frå Volda, samt erfaring frå lokale produksjonar.

Martine Røys Nesbakk er einig. 26-åringen frå Bremanger har ein bachelor i drama, samt utdanning som faglærar innan drama og teater.

– Eg er på ingen måte redd for å synge, men eg er nok meir komfortabel med skodespel, seier ho.

Dei to brurene

No skal dei fylle hovudrollene i vandreteateret Der Båra Bryt som har premiere på Grotlesanden fredag. Saman skal dei skildre dei ulike delane av livet til brura Brite. Martine som den unge brura og Monica den eldre.

Historia er lokal – og dramatisk. På veg tilbake til kyrkja døyr brudgommen og heile brudefølgjet, og brura står igjen åleine med barn i magen. Med ei slik skjebne var livet dømt til å bli vanskeleg for to hundre år sidan.

– Det er ei sterk historie, og det er rart å tenke på at sånn var det då. Samtidig er det ei skjebne mange har opplevd, seier Martine om den sanne historia.

– Eg har eigentleg ikkje hatt noko forhold til dette før, men no har eg blitt meir interessert i lokalhistorie, og korleis folk har levd her før oss, seier Monica.

Ikkje nervøse

Begge to meiner øvingane har gått bra og at produksjonen er godt i rute.

– Det har vore ein del endringar, men no har alt kome på plass, og vi øver på det vi faktisk skal framføre om ei veke, seier Martine.

Nervane har enno ikkje meldt seg.

– Eg føler meg nokolunde i rute. Eg gler meg mest. Det er sånn det skal vere.

– Og eg synest det heile berre er kjempespennande, supplerer Monica.

Og begge er spente på vêret.

– Det kan bli utfordringar med lyden om vêret blir dårleg. Håpar berre det ikkje blir altfor kaldt, seier Martine.

Akkurat det får dei testa under uteøvinga no i helga når snøen plutseleg har meldt sin tilbakekomst.