Festivalleiinga i Malakoff Rockfestival er budde på både skryt og kjeft etter framlegginga av årets festivalprogram.

– Vi har vore litt meir vågale i bookinga, noko eg meiner er spanande. Eg meiner det er ein viktig del av det å henge med i utviklinga, seier festivalsjef, Arnt- Ivar Naustdal.

– Det er nok ein sju-åtte ting som mange ik­kje kjen­ner til, men det­te er ver­ke­leg ukjen­te skat­tar, som eg trur kan by på nokre over­ras­kin­gar frå sce­na, for­tel Naust­dal, som er budd på både po­si­ti­ve og ne­ga­ti­ve til­ba­ke­mel­din­gar på årets prog­ram.

Sjølv om det skul­le bli både kjeft og skryt, er det ik­kje vans­ke­leg for Naust­dal å trek­ke fram nokre fa­vo­rit­tar.

– Go­gol Bordello er eit strå­lan­de live­band som ska­par fan­tas­tisk stem­ning. For dei som var på fjor­å­rets fes­ti­val kan ein trek­ke lik­ska­par til Hofmeistro sin kon­sert. Go­gol Bordello er umid­del­bart lett å like. Ein kan hel­ler ik­kje unn­gå å nem­ne rocke­le­gen­da Iggy Pop. Det­te blir ein fan­tas­tisk kon­sert både for nye og ga­mle fans, sei­er han, og legg til:

– Odd Nord­sto­ga kun­ne spelt på Ma­la­koff Rock­fes­ti­val i mange år. I til­legg har vi Gojira som er så hardt som du kan få det. Mange vil syns det er heilt fan­tas­tisk, medan an­dre vil leg­ge inn ei pau­se.