– Vi er nødt å seie at vi er litt stolte når denne dagen no er komen, seier Edvard Iversen, som saman med mange fleire i dugnadsgjengen har jobba med huset det siste 1,5 året.

Det heile begynte hausten 2015 då dei kjøpte huset frå Coop Eiendom som skulle legge ned butikken i bygget.

– Vi var raskt på pletten. Det gamle samfunnshuset vårt var over 60 år, totalt umoderne, hadde ikkje tilkomst, ikkje universell utforming, ikke kjøken. Ingen ville leige det. Vi såg behovet for eit nytt tilbod for både Raudeberg og Vågsøy. Vi ville auke kulturinteressa, men den hadde ikkje vore mogleg å vekke til live i det gamle samfunnshuset, sieier han.

12.500 dugnadstimar

Etter den avgjerda har 147 personar jobba 12.500 timar på dugnad for å ferdigstille det som no har blitt eit lyst, moderne og fleksibelt kulturhus. Budsjettet for huset var på 7,4 millionar kroner, og sjølve prislappen ser ut til å havne på rundt 7,5 millionar. Det er han og dei andre nøgde med. Bygget er finansiert med støtte frå det offentlege, sal av andelar, gåver, sponsorinntekter og dugnad.

– Vi har også hatt ungdommar inne på dugnad. Dei gjorde ein kanonjobb. Vi likte tanken på å gje dei som skal bruke huset tilhøyrsle til det frå starten. Det er jo ikkje vi pensjonistar som skal bruke huset, seier Iversen, som rosar dugnadsinnsatsen.

– Her har alle deltatt, frå Spar som har gitt oss «dugnadsniste»; lefser, kaker, brus, sjokolade, kaffi som har gått ut på dato, til alle bygdene i Nord-Vågsøy, og til og med nokre ungdommar frå resten av kommunen.

Tre dagars opningsfest

Opningsprogrammet startar allereie i dag, torsdag, med ungdomskveld. På fredag blir det «bygdapub» med servering, musikk frå D’mens og aldersgrense 18 år. Laurdag er den offisielle opninga med ordførar Kristin Maurstad i spissen.

– Ho vil også avsløre namnet på det nye kulturhuset, seier Reinhardt Sørgård, som forklarer at dei i forkant har hatt ei spørreundersøking om namn der no vinnaren av dei tre finalistane skal kårast.

I tillegg speler Vågsøy skulekorps, det blir kafé, hoppeslott, leikerom, musikkinnslag, klovnerosa, og på kvelden festmiddag for inviterte.

– Kva skal dette huset vere for folk?

– Eit allbrukshus, for alle. Private festar, bursdagar, konfirmasjon, bryllup, LAN-treff, kulturarrangement, konferansar og møte. Alt mulig, seier Iversen.