– Messa var fantastisk! Det var flott preike, song og musikk. Og sjølv om det ikkje var ideelt vêr, så var det ikkje langt frå 200 som var på gudstenesta, seier Roald Halsør som er leiar i Seljumannamessekomiteen.

Predikant for dagen var biskop emeritus Tor Berger Jørgensen. Bergen domkor deltok på messa, etter å ha hatt konsertar i fabrikklokalene til Nordvestvinduet i Almenninge, på Hakallegarden og i Selje kyrkje.

Les meir om Seljumannamessa i papirutgåva tysdag 4. juli.