– Alle artistane som har vore her vil kome tilbake, seier Helge Hjelle og Lars Kjølen i arrangementskomiteen.

Trass dette har arrangørane klart å samle det dei omtalar som eit stjernelag av artistar til årets festival, som går føre seg 10. til 12. august.

– Vi har ei flott blanding av artistar som har vore her tidlegare og nye. Dette er det største artistgalleriet vi har hatt på Elvisfestivalen nokosinne. Samstundes har vi ein god balanse av internasjonale, nasjonale og lokale artistar, som kjem til å løfte taket i teltet, smiler Hjelle og Kjølen.

To av dei internasjonale artistane som deltok på festivalen i fjor kjem tilbake. Desse er Zelimir og Gordon Hendricks.

– Hendricks er ein fantastisk songar og Zelimir er eit fyrverkeri. Vi har sagt at vi ønskjer variasjon i festivalen frå år til år, men vi har gjort unntak fordi artistane likar seg godt her, og fordi vi har fått tilbakemeldingar om at artistane er ønskt tilbake, forklarar arrangørane.

Helge Hjelle (f.v.), Jakob Myrestrand og Lars Kjølen i arrangementskomiteen fortel at dei aldri har hatt eit så stort artistgalleri på festivalen som i år.

Frå utlandet kjem også engelskmannen Eddie Popescu, som vann Elvis gospel i Europa i 2014, Paul Kaye, også frå England, som framfører låtar av Roy Orbison, svenske Tony Nilsson som held til i Norge og amerikanaren Tim Welch som dei siste fem åra har halde elvisshowet «All Shook Up» i Las Vegas.

– Welch har halde elvisshow i Las Vegas i 17 år, og han har blitt brukt til å promotere Las Vegas som ein Elvis-by. I tillegg er han blant dei ti beste Elvis-tributeartistane i verda, fortel Hjelle og Kjølen.

Men arrangørane har også fylt opp den lokale kvoten til årets festival.

– Av lokale artistar har vi i år fått med oss Isak Søraa og Jakob Hals. Vidare har vi også fått med oss Hans Christian Helgesen og Håkon Kongshaug, som begge overbeviste stort under arrangementet i fjor, seier Kjølen og Hjelle og legg til:

– Vi har også oppdaga at det ikkje berre er i Måløy vi har dyktige elvissongarar. I Hornindal har vi funne Øyvind Seljeset som vi har booka inn og frå Møre kjem songaren Bjørn Lid.

Sideshow Bob og Mels blir med som orkester under festivalen som tidlegare år, opplyser arrangørane.