For å danne seg eit bilde av den japanske marknaden, er måløyværingen Eirik Søraa eitt år i verdsmetropolen Tokyo på oppdrag frå Norges sjømatråd.

– Eg skriv ein sjømatstudie om den japanske konsumenten, om drivarane og barrierane til sal av sjømat. Kvifor et dei sjømat? Kva gjer at dei et mindre? Kvar kjøper dei fisken? Et dei den heime eller på restaurant?

Måløyværingen har permisjon frå Coast Seafood for eitt års betalt internship hos Norges sjømatråd.

– Heilt ærleg, så storkosar eg meg. Eg nyt jobben og all fritid. For meg var dette eit riktig val å gjere.

Viktig marknad

Her er Eirik Søraa på Tsukiji, den verdskjende fiskemarknaden i Tokyo.

26-åringen greip sjansen då sjømatrådet søkte etter unge med erfaring frå sjømatnæringa, og han var ikkje i tvil om kvar i verda han ønskte seg.

– Eg har vore fascinert av Japan ganske lenge. Det er så langt vekke og så annleis frå der eg har reist også. Ein mysterieplass eg har hatt lyst å reise til lenge.

Hovudoppgåva er sjømatstudien som skal presenterast i september.

– Det er ein studie som blir gjort i dei viktigaste landa for Norge, tilsvarande studiar har blitt gjort i til dømes Spania, Tyskland og Frankrike.

Japan er ein viktig marknad for norsk fiskerinæring.

– Det er ein prestisjemarknad, og den største sjøamtmarknaden i verda. Japan er den desidert viktigaste marknaden for norsk makrell og det er her heile sushi-eventyret med laks i sushi starta rundt 1980.

Norges sjømatråd i Tokyo deler kontor med den norske ambassaden.

Sidan sjømatrådet deler kontor med den norske ambassaden, får Søraa vere med på mange aktivitetar. Her på filminnspeling saman med Arne Hjeltnes i fjor haust.

– Det er mykje interessant som skjer i jobben utanom hovudoppgåva. Eg har fått møte næringsministeren, vore med Arne Hjeltnes som var her på innspeling av film. Og så ser eg fram til at vi tar i mot fiskeriministeren denne veka. Eg deltek på mykje slike ting som både er artige og innsiktsfulle, fortel Søraa.

I familien

Med Sverre Søraa, ein av grunnleggarane av Coast Seafood som far, har interessa for fisk også blomstra hos Eirik.

– Det er familiært. Ein har fått interessa når ein alltid følgjer med.

I Coast har han jobba med flylogistikk for laks og aure, ansvarleg for at fisken kjem fram til riktig destinasjon til rett tid.

Den solide bakgrunn frå sjømatnæringa trur han er årsaka til at han fekk sjansen i Japan.

– Eg har vore inn og ut av Coast sidan eg var 14 år, fortel han.

I tillegg har han vore lakseoppdrettar i Blom lakseoppdrett i Bergen.

– Eg starta på botnen og har god innsikt. Eg trur det hjelpte meg mykje for å komme gjennom nålauget.

Ei omvelting

Å flytte frå Måløy til verdsmetropolen Tokyo på andre sida av jordkloden blei naturleg nok ei omvelting for Eirik Søraa (26).

Tidsforskjellen er åtte timar.

– For eksempel så søv heile mi «eksisterande» verd når eg er på arbeid, det finnast ingen nyhendeoppdateringar. Det er litt spesielt, seier Eirik Søraa, som jobbar som trainee i eitt år hos Norges sjømatråd i Japan.

Språkbarriere

Søraa kunne ikkje mange frasane på japansk før han reiste.

– Eg har begynt å gjere meg forstått på japansk, eg kjem meg rundt og får i meg mat og sett litt, ler han.

Eit språkkurs og sosialt nettverk har hjelpt mykje.

– Det som er flott er at det finst ein møteplass for japanarar og nordmenn, kalla «The Norway-Japan Society». Eg har kasta meg på alle sosiale event for å møte folk, lære japansk og få eit innblikk i kulturen, seier han.

Fakta

Kjem frå Måløy og har eitt års permisjon frå jobben på Coast Seafood i Måløy for eit internship hos Norges sjømatråd i Tokyo, Japan. Har ein bachelorgrad i automasjonsingeniør og tidlegare jobba som lakseoppdrettar.

Er ein av tre vågsøyværingar som jobbar i Norges sjømatråd. Hildegunn Fure Osmundsvåg er fiskeriutsending i Spania og Jon Erik Steenslid er fiskeriutsending Søraust-Asia.