– Eg trur det blir fleire strandfestivalar. Eg trur dei fleste i komiteen og heile bygda vil seie det same. Det skal ein del til for at det ikkje skal bli noko til neste år, smiler Rune Eriksen, som er leiar for festivalen saman med Eva Marie Pleym og Kent Rune Bugjerde.

Komiteen har allereie fått fleire innspel til kva dei bør satse på neste år.

Overraska over responsen

Alle billettane til den første Strandfestivalen vart selt. Det betyr at det var 1.000 personar samla på festivalområdet i Refvik laurdag. Fredag besøkte 200 personar festivalen.

– Det har vore heilt fantastisk. Alt har gått på skjener. Vi hadde ikkje sett føre oss at det skulle kome så mange. Vi er framleis høgt oppe i skyene, samanfattar Eriksen.

Kent Rune Bugjerde (f.v.), Rune Eriksen, Lothepus og Eva Marie Pleym er svært fornøgde emd den første utgåva av Strandfestivalen.

Eva Marie Pleym meiner det heile er uverkeleg.

– Eg hadde først håpt på 500 festivaldeltakarar, og så tenkte eg at det kanskje skulle kome litt fleire, men no er eg heilt overgitt, seier ho.

Overskotet frå festivalen skal gå til å tilpasse Lensmannshuset i Refvik for personar med funksjonshemming. Ti prosent av overskotet skal gå til miljøtenesta i Vågsøy kommune.

Entra scena med eit smell

Hovudattraksjonen, Leif Einar Lothe, var også begeistra over det som møtte han.

– Oslo, Tromsø, Trondheim og Bergen kan berre gi seg. Dette er den finaste plassen og den beste festivalen vi har besøkt. Eg trudde det skulle vere 70–80 stykke her, sa han tydeleg overraska frå scena.

Etter nokre «varsku her» frå skytebasen sjølv over høgtalaranlegget small det i fjellsida.

– Vi hadde ein liten salutt på lur, smiler Eriksen, som sjølv sørgde for smellet.

– Dette var høgdepunktet, sjølv om heile helga eigentleg har vore eit høgdepunkt. Då eg såg ned på festivalområdet frå fjellet, så såg eg jo at vi har kapasitet til å doble publikumstalet på det området vi har i dag, fortel han.

Fekk vere med på moroa

Festivalområdet var delt inn i eit område for dei under 18 år og eit for dei over 18 år. Framfor scena stod det heile kvelden forventningsfulle barn og venta på Lothepus.

– Eg har sett han på Farmen, så det er jo litt kjekt å sjå han på ekte, sa Camilla Kupen (11).

Ho var ei av mange som fekk sikra seg autograf og bilde saman med artisten i etterkant av konserten.

– Det var ein veldig kjekk konsert, samanfattar Kupen.

Lothepus har sjølv aldri spelt konsert der det har vore ungar til stades.

– Det er veldig spesielt og kjekt at dei får vere med på moroa, seier artisten, som prioriterte ungane då det var tid for selfies og autografar.

For å passe på at alt gjekk bra føre seg i autografkøen og elles hadde festivalen mellom 80 og 90 vakter laurdag kveld.

– Vaktene våre var flinke og ansvarsfulle, og vi hadde ein veldig god dialog med politiet. I tillegg var det veldig trygt og godt for oss å ha Røde Kors på festivalområdet, seier Pleym.

Ho er svært takksam for alle som har bidrege til festivalen.

– Det har vore over 100 frivillige i aksjon. Folk utanfrå har stilt opp. Det har vore ein rørande respons og det har gjort det verdt det, konkluderer initiativtakarane.