– Vi har hatt stor deltaking i fleire år, men vi trudde ikkje vi skulle få fleire enn i fjor, fortel ungdomskulturarbeidar Veslemøy Ervik i Vanylven

– Kva er hemmelegheita?

– Det er vel som dei andre åra. Vi jobbar mykje med å få til eit godt arrangement både på scene og utstilling. Det er veldig viktig å la ungdommane få vere med som arrangør og la dei få eigarskap til mønstringa, forklarar ho og legg til at det er ungdomsrådet som saman med Ervik som er arrangør.

– Vi får sjå musikk, drama, film, band, musikal, kor, song og ei flott utstilling, røper ho.

Laurdag blir også felles UKM for Vågsøy og Selje i Samfunnshallen. Onsdag kveld var det 69 påmelde.