Dei fem deltakarane song i kveld to låtar kvar i sjangrane hardrock og akustisk. Bremanger-amerikanaren Adam Douglas song låta "Holy Diver" av Dio, og "Breakdown" av Tom Petty and the.

Før Douglas skulle framføre hardrock sa han at det kom til å bli ei utfordring å skulle rocke på scena. Han fekk likevel gode tilbakemeldingar.

- Det var dritstiling! Du har attitude i ansiktet, stabil teknikk og i tillegg har du gjort eit godt låtval. Det er trist at det var så kort, eg ville gjerne høyre meir, sa fagdommar Berit Hagen.

Dommar Mona B. Riise sa at Douglas gjorde ein rå prestasjon.

- Eg er sikker på at det er veldig få som hadde fått til det du gjorde no, sa ho.

I den påfølgjande akustiske runda valde Douglas å heidre Tom Petty etter at han denne veka gjekk bort. Også hendinga i Las Vegas prega låtvalet til Douglas.

- I kveld er det viktigaste at eg får dette ut av systemet, det er min terapi, sa han.

Etter "Breakdown" av Tom Petty, fekk han nok ein gong strålande tilbakemeldingar.

- Du har alt, og eg kunne gjerne hørt på berre deg og gitaren, sa akustisk fagdommar Unni Wilhelmsen og la til at stemma til Douglas er som ei blanding av meierismør og flløyel.

- Du er klar for turné, og det har du vist i mange veker, sa Thomas Felberg. Douglas fekk også skryt for å vise noko personleg og ekte.

- Du syng som ein draum og leverar kvar einaste gong!, avslutta dommarane.

Douglas blei Mona B. Riise sin favoritt, og i tillegg fek han nok stemmer frå sjåarane til å sikre seg plass vidare i konkurransen.

Det var Gaute Ormåsen som måtte forlate Stjernekamp etter kveldens program.