Bandet har i løpet av sine 22 år spelt irsk folk-punk på konsertarenaer i blant anna Tokyo, Las Vegas, London, Berlin, Los Angeles, Hollywood og Praha.

Atle-Hjørn fortel at bandmedlemmane for nokre år sidan vurderte om dei skulle slutte i sine vanlege jobbar og satse fulltid på musikken.

– Det er ein profesjonell hobby. For nokre år sidan diskuterte vi om vi skulle leve av musikken, noko som lar seg gjere, men vanskeleg kan kombinerast med familieliv, fortel bassisten, og fortset:

– Vi har halde på så lenge at vi er i den heldige situasjonen at vi kan plukke ut dei førespurnadane som ser ekstra artige ut. Det er ofte slik at vi vel vekk det som er betre betalt til fordel for det som ser kjekt ut. Vi er på ein evig gutetur og bandet blir som ein familie nummer to. Vi kjenner kvarandre på godt og vondt, og er ein samansveisa gjeng.

Svensktoppar og technorock

Atle-Hjørn er opphavleg frå Stårheim, og i dag har han eit feriehus i bygda som han besøker eit par gongar i året. Det var i barndomsheimen i Torvik at interessa for musikk vart etablert. Og som for mange andre musikarar var det brørne sin smak som påverka bassisten som i dag bur i Bergen.

– Eg har vakse opp med eldre brør som har spelt mykje musikk av The Pogues. Dette fasinerte meg tidleg. Irsk musikk er veldig sosial musikk, og er der folk i lokalet når dette blir spelt, så blir det god stemning. No finn bandet vårt seg i den meir rocka delen av den irske musikken, men like fullt er det stemningsmusikk, seier han.

– Vi har vore innom det meste. Eg begynte med svensktoppar og danseband, var innom rockeband, technorock, irsk folkrock og folkpunk, legg Atle-Hjørn til.

I dag jobbar bassisten som kontorsjef på Hertz bilutleige. Kombinasjonen vanleg jobb og musikar er ifølge Atle-Hjørn kjekk, men litt travel til tider.

– Eg er godt gift og har to barn, så det blir litt sjonglering. Men eg trur det er sunt at ein har eigne hobbyar ved sidan av. Eg er nok ikkje meir vekke enn ein fotballspelar i 3. divisjon, smiler musikarane, som spelar om lag 15 til 20 konsertar i året med Greenland Whalefishers.

Store og små opplevingar

I tillegg til å vere bassist tar Atle-Hjørn seg av det meste som har med det administrative og booking for bandet å gjere . Og ifølge musikaren har det vore mange høgdepunkt på vegen.

– Det er vanskeleg å trekke fram eksakte opplevingar. Det blir slik at ein gler seg til nye land og nye opplevingar, men eg hugsar veldig godt at vi spelte på ein festival i Tsjekkia som gjekk føre seg på ei flystripe framfor 12.000 publikummarar.

– Samtidig hugsar eg godt ein konsert på Notodden der det var ti betalande, men til gjengjeld var dei ekstremt engasjerte, så det vart ein kjempebra konsert, legg han til.

Namnet Greenland Whalefishers har også ført til ein del opplevingar som sit klistra hos musikaren.

– Namnet er henta frå ein gamal irsk tradisjonslåt. Ingen av dei som var for namnet i si tid er lenger med i bandet, men heldigvis er frontmannen vår vegetarianar, for det kjem av og til nokre merkelege spørsmål om miljø og politikk, seier han.