– Det blir eit klokkespel i storm, fortel kunstnar Kjell Stig Amdam om den nye installasjonen «Fiskehjell» nedanfor hovudhuset i Galleriet mot Storhavet i Selje.

Det er Marius Amdam, ein av dei faste kunstnarane som stiller ut i galleriet, som har laga installasjonen med fiskar på eit tørkestillas. Den er skoren ut med laser i ei tjukk stålplate.

– Det er vår nære fortid. Og den passar godt ved sjøen saman med kystkvinnene, seier Kjell Stig Amdam.

Han seier installasjonen har slått godt an blant blant dei besøkande.

Der det før var ei salig blanding av høner, englar og aktbilde i galleriet og dei små husa på tunet, har Kjell Stig Amdam denne sommaren delt kunsten inn i fleire hus.

– Akt, kjærastepar og alt nakent har vi i første huset. Og det er utan fikenblad. Det er dårlege vilkår for fikenblad her ute, seier Amdam.

– Neste hus står i klar kontrast, med englar og sakrale bilde, legg han til.

Grethe Berge har tidlegare hatt verkstaden sin i det som er kalla hønsehuset, men har i år flytta den inn i hovudhuset der ho arbeider i lag med Kjell Stig Amdam.

Sjølv har Amdam malt mange og nye skisser til årets sommarutstilling.

– Det er morosame små bilde, med tema skarv. Dei sit nede på skjeret og har posert for meg i haust og vår, fortel kunstnaren.

– Det er fantastisk å komme hit om sommaren og hjelpe til, få selje nokre bilde og lage eplekake, seier Aksel Stave Ervik.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende