Dei sik­ra seg bil­lett vi­da­re til fyl­kes­mønst­rin­ga et­ter laur­da­gens UKM (Ung kul­tur mø­tast) i Eid. I alt var det 28 del­ta­ka­rar for­delt på 16 sce­ne­inn­slag med, samt to bil­de­ut­stil­lin­gar.

– Det er eit lå­ga­re tal enn tid­le­ga­re år, men det­te er jo va­ri­e­ran­de, sei­er Dan Aase­bø ved kul­tur­sku­len i Eid.

På sce­na kun­ne ein mel­lom anna høy­re pi­a­no og fi­o­lin, sjå klas­sisk bal­lett og drill, og høy­re hard­rock.

Nyt­tig er­fa­ring

Jackbow var den einaste grup­pa som del­tok på UKM, og ban­det be­står av An­dre­as Es­pe-

­lund (gi­tar), Hå­kon Hen­je­sand (gi­tar), Ja­kob Hagen (bass), Sig­urd Røn­ne­kleiv (trom­mer) og Pe­der Naust­dal (vo­kal). Naust­dal for­tel at dei har lyst å spe­le mu­sikk sa­man så len­ge som mog­leg. Han trur UKM kan vere ein fin plass å vise seg fram på.

– Nokre av oss har vore med før, men vi har ald­ri del­te­ke sa­man som band. Vi trur at all er­fa­ring er god er­fa­ring, så der­for mel­dte vi oss på, for­tel vo­ka­lis­ten.

Eitt år sa­man som band

Naust­dal for­kla­rar at ban­det al­le­reie har gjort nokre små­job­bar, sjølv om dei ber­re har spelt i lag i eitt år.

– Vi har spelt litt rundt om kring, til dø­mes i Gym­men og i id­retts­hal­len, for­tel han.

– Det kjem litt til­bod her og der, så det lo­var jo bra, ler Naust­dal.

Drau­men til gu­ta­ne er å få spe­le mu­sikk så len­ge det let seg gje­re. Naust­dal for­tel at dei har fått gode til­ba­ke­mel­din­gar et­ter laur­da­gens pres­ta­sjon, kor dei ser­ver­te ein ei­gen­kom­po­nert ro­cke­låt til pub­li­kum.

– Vi skriv om­trent alle son­ga­ne våre sjølv, og job­bar i lag om teks­ta­ne. Son­ga­ne hand­lar om alt mog­leg, men vi vil ik­kje skri­ve om kjær­leik og sli­ke ting, for­tel fjor­ten­år­in­gen.

Fo­ku­se­rer på ut­trykk

Naust­dal og res­ten av ban­det skal no star­te opp­køy­rin­ga mot fyl­kes­mønst­ringa. Den går av sta­be­len i Høy­an­ger, 31. mars til 2. ap­ril.

– Vi mø­tast al­le­reie opp mot fire gon­ger i veka på Gym­men og øver, så no kjem vi til å fo­ku­se­re mest på ut­trykk.

Han mei­ner må­ten ein ut­tryk­ker seg på er vik­tig når ein står på sce­na.

– Der­som ein ber­re står der blir det jo vel­dig kje­de­leg for pub­li­kum. Spe­si­elt når det er ro­cke­mu­sikk, då kan ein ik­kje stå i ro! un­der­stre­kar vo­ka­lis­ten.

– Kva­li­tet over hei­le lin­ja

Dan Aase­bø er rek­tor ved kul­tur­sku­len i Eid, og trekk sær­leg fram va­ri­a­sjo­nen blant årets del­ta­ka­rar.

– I år er det ei jamn for­de­ling og mykje va­ri­a­sjon, og det er kjekt! Dess­utan er det kva­li­tet over hei­le lin­ja, på­pei­ker han.

Li­ke­vel skul­le Aase­bø gjer­ne ha sett flei­re del­ta­ka­rar på sce­na

– Det har vore lit fær­re på­mel­de i år, men det skul­dast nok alt det an­dre som skjer her, for­tel han.

Han for­tel at mel­lom anna uli­ke mu­si­ka­lar og re­v­yar er tid­krev­jan­de for ele­va­ne.

– Ting krev sitt, og eg har inn­trykk av at ung­dom­ma­ne i Eid er gans­ke opp­ta­tt, smi­ler Aase­bø, som li­ke­vel har trua på flei­re på­mel­de til nes­te år.

Årets jury be­stod av Gre­the Bernt­zen (kul­tur­sku­len i Brem­an­ger), Atle Oen (mu­sikk­læ­rar i Eid), samt tre rep­re­sen­tan­tar frå ung­doms­rå­det: Su­sanne Røn­ne­kleiv, Dag­ny Sun­de og Ing­vild Staut­land. Dei sen­dte følgjande seks innslag vi­da­re til fyl­kes­mønst­rin­ga i Høy­an­ger: Szymon Matusiak (pi­a­no), Nephente (song og gi­tar), Sara Fris­lid (drill), Jackbow (ro­cke­band), Ida Bre­de­sen og Tuva Ny­ham­mer–Tak­lo (dans) og Marshalena An­to­ny (ut­stilt må­le­ri).