Åsta Navelsaker Røed (50) er i konstant utdanning. Ho trur det er grunnen til at ho er ny rektor ved MVS.

– Ja, altså, eg har teke ein del tilleggsutdanning, svarar ho på spørsmålet om kvifor ho vart plukka ut blant sterke søkjarar til jobben som øvste leiar for 85 tilsette og 350 elevar ved Måløy vidaregåande skule.

Frå leiarprogrammet

For tida driv ho med ein ny master – denne gongen som ledd i ei rektorutdanning der tematikken er utdanningspolitikk. Bergen er studiestad.

– Eg har planar om å fullføre masteren parallelt med jobben som rektor. Det har ikkje vore ni-til-fire-jobbing dei siste åra. Eg må bruke helgar og kveldar. Men det er gjevande.

Dottera Sol Emilie Røed skal ta fatt på fjerde og siste året med TAF helse ved Måløy vidaregåande skule. – Eg og pappa oppmoda mamma til å søkje rektorjobben, fortel ho.

Leiarutdanninga er i regi av utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, arbeidsgjevaren hennar i seks år. Først var ho utviklingsleiar ved MVS i tre år, så skifta ho miljø til Eid vidaregåande skule der ho har vore utdanningsleiar på studiespesialisering siste tre åra.

Opplæringsdirektør Bekka Skaasheim & co plukka frå gruppa med eigne leiarstudentar då dei tilsette ny rektor i Måløy.

– Ein ny runde kjem nok

Skulestrukturen for vidaregåande opplæring i Nordfjord er eit av vår tids store stridstema. Det har vore kuttrundar, og det er venta fleire. Navelsaker Røed medgjev at ho tenkte seg godt om før ho søkte på rektorjobben i Måløy. Men ho seier ho er klar for å møte dei utfordringane som måtte kome.

– Ein ny runde kjem nok. Både Måløy og Eid har skular med spesialtilbod som eg trur er vanskeleg å røre. Måløy med maritime fag, Eid med elektro, møbel og design. Men eg trur vi må tenkje endå meir samarbeid. Vi hadde ein runde i vår med alle nordfjordskulane der vi såg på kvar vi kan samarbeide. Eid skal no mellom anna prøve ut nettbaserte løysingar der læraren underviser på ein skule medan elevane sit på ein annan. Det er korte avstandar i Nordfjord, å flytte på elevar for undervisning kan også vere ein veg å gå.

Vil jobbe med tilpassing

Den nye rektoren, som hadde første arbeidsdag 1. august, har brukt dei siste åra til å jobbe med tilpassa opplæring og metodebruk, og å sjå fag i samanheng. Det arbeidet held fram.

– Eg tenkjer at i starten er det kontinuitet som gjeld. Avgåande rektor Karl Ottar Rundereim hadde jobben lenge, skulen har kjende rutinar. Etter kvart som tida går ser eg for meg å setje mitt eige preg på jobben, seier ho og fortset:

Navelsaker Røed fortel at ho gler seg til å ta fatt på jobben, og at ho kjenner seg velkomen.

– Fleire tidlegare kollegaer oppmoda meg til å søkje, og eg har fått mange e-postar med lukkeønskingar. Det er sikkert nokon som kunne tenkt seg ein av dei andre kandidatane også. Eg skal prøve å vere rettferdig, sjå den enkelte og gjere mitt beste for organisasjonen. Har eg det perspektivet, skal eg også tole litt kritikk.