Som ein del av Opplev Bremanger-festivalen på Hauge tilbyr arrangørane ei heilt spesiell moglegheit for deltakarane.

I ein workshop kan deltakarane nemleg få møte medlemmane frå bandet Lava, samtidig som dei kan lære meir om song, gitar, saksofon, bass, slagverk og keyboard.

– Her vil ein kunne få inspirasjon og nyttige tips frå folk som representerer mengdevis med kunnskap og erfaring frå musikkbransjen, både nasjonalt og internasjonalt, fortel Norvall Klungresæter i Opplev Bremanger. Han har sjølv vore med på workshops tidlegare, og fortel at det var både inspirerande og kjekt.

– Det er mykje å hente frå slike workshops, både inspirasjon og praktiske kunnskapar.

Vil ha med dei unge

Klungresæter, som er med i styret for Opplev Bremanger, seier at han håper mange unge musikarar vil vere med på workshopen i sommar.

– Folk kan kome å høyre på dei som spelar, eller spele sjølv. Dei kan også lære av dei som har vore i bransjen lenge. Eg veit at det er mange unge i området som har ambisjonar om å kome seg inn i musikkbransjen. No får dei moglegheita til å lære meir om dette.

Han fortel at dei også kan få praktiske tips om øvingsmetodar. Workshopen varer kring halvannan til to timar.

– Dette er med på å stimulere det lokale musikklivet i Bremanger kommune. Eg håpar folk tek i bruk det tilbodet. Dette gir dei lokale musikantane ein moglegheit til å heve seg nokre tak, og få noko nytt å bite i. Dei kan få nye utfordringar, og vere med på å skape bredde i det som går føre seg her i kommunen, seier han.

Interesserte kan kontakte Opplev Bremanger, og søknadsfristen går ut 20. juni.