Der Båra Bryt-initiativtakarane håper både på fleire frivillige og sponsorar.

– Det er ganske fantastisk å vere med i ein prosess med så dyktige folk, seier ei gira Reidun Øvrebotten.

No er det blitt sett som mål å sette opp det lokalhistoriske materialet annan kvart år. Men for å få det til, trengst både frivillige og sponsorar.

– Vi håper at store bedrifter som eig marknaden i distriktet vårt kunne tenkje seg å vere støttespelarar, seier Øvrebotten og fortel av det er Kulturrådet som har bidratt tyngst til no, i tillegg til god støtte frå kommunen, fylkeskommunen og Nye Bremanger.

Har starta billettsalet

Øvrebotten ser endeleg at stykket byrjar å finne si form. No gler ho seg til å kunne vise det til publikum i slutten av april.

– Fyrst er alt kaos og ein skjønner ingenting. Men no byrjar det å bli konkretisert og ein ser at det kjem til å bli sterke inntrykk, seier Øvrebotten som er imponert over innsatsen til alle som er med i arbeidet.

1. desember starta billettsalet, der det er lagt ut 500 billettar per framsyning.

– Vi tenkjer at det må vere ei strålande julegåve til dei som har alt. Hugs å kjøp før billettane ryk, fastslår ho og legg til at det blir ei spektakulær framsyning 29. og 30. april.

– Her kan det bli alle moglege vêrforhold, frå sur vind og snø eller strålande sol. Ein må kle seg etter vêret og det kan vi vestlendingar, seier ho og legg til at vind og regn høyre til den rike kysthistoria.

Kan skrive inn roller

Øvrebotten fortel at både manus og musikken er på god veg, og fleire lokale kor frå heile kommunen vil delta.

– Ein del av intensjonen vår var å få involvert heile kommunen, for det er historie frå heile Bremanger som blir formidla i Der Båra Bryt.

No håpar ho at også fleire ønskjer å vere med, i alt frå arbeidet før framsyninga blir sett opp, til både bak og på scena.

– Torkil Sandsund, Maria Tryti Vennerød og Fridtjov Urdal arbeidar med manuset kontinuerleg og finpussar heile tida. Men Torkel er veldig open om at dersom nokon ynskjer å bli med, skriv han dei gjerne inn i ei rolle, smiler ho.

Både manus og musikken er på god veg, og det er framleis mogeleg å delta på alle deler av produksjonen.