Bandet Lovespeak, med Alexander Pavelich i front, var dei fyrste som opptredde under årets Bylarm. Natt til i dag, fredag, heldt dei nok ein konsert.

- Det var utruleg kjekt! Bandet har ikkje helde ein så stor konsert før og det var akkurat som om ei energibombe gjekk av, fortel Alexander Pavelich.

Sjølv om dette var den fyrste store konserten Lovespeak gjorde har dei sete på musikken i to år, og konserten vart godt motteke av publikum.

- Dette er jo eit bransjetreff, så til vanleg er det ofte personar som står med hendene knytte over brystkassa og føl nøye med samstundes som dei notera i hovudet, men under denne konserten kunne ein sjå at folk hadde det veldig kjekt. Auga til folk lyg ikkje og med eit smil om munnen i tillegg var det tydeleg at det var god stemning, fortel Pavelich.

Bandet beståande av Alexander Pavelich, Andrew Murray , Andreas Westhagen, Christian Balvig, Martin Kaasa, and Elisabeth Nesset gjer ut si debutplate DNA 22. april. Etter dette blir det konsertar og festivalar både i inn- og utland.

- Vi jobbar med bookingarbeidet no, men det blir mest sannsynleg mykje konsertar og festivalar i Noreg, noko i Europa og USA. Forhåpentlegvis er det mange nye som fekk sjansen til å sjå oss no og har lyst til å sjå oss igjen, seier Pavelich.

Musikken er allereie på veg ut i verda. Singlen DNA har vore lista på radiokanalen P3 i 15 veke og saman med den nyaste utgjevinga Tightrope er dei med på ei global liste frå strømmegiganten Spotify som blir kalla New Music Friday. I tillegg er dei med på H&M si offisielle liste som dei spelar av i butikkane og på den offisielle lista til Nike over musikk som det passar å springe til.

Alt dette samla gjera at songen hamnar på ulike lister som samla sett over 1,7 millionar menneske følger og har tilgang til. I tillegg har fleire internasjonale radiokanalar gjeve god respons på dei to singlane.

- Det er utruleg viktig med desse spelelistene. Songane får spreidd seg til vanlege lyttarar og ikkje berre bransjen. Om du bur i Taiwan, Canada eller Brasil så kan du høyre musikken vår, fortel Pavelich, som saman med bandet snart er klare med musikkvideoar.