– Vi har aldri før presentert ein så sjangermessig variert sesong, seier operahusleiar, Geir Holmen.

Den komande hausten vert det alt frå foredrag og røverhistorier til moderne dans, stand-up-show, musikal og tradisjonell opera i Operahuset Nordfjord. Dette programmet er operahusleiar Geir Holmen, veldig godt nøgd med.

– Vi har brukt mykje tid på å sette saman programmet slik at det vert god kvalitet og balanse mellom sjangrane vi viser. Det meiner eg vi har lukkast godt med, seier han.

To store eigenproduksjonar

Haustprogrammet startar med Absence Crew som skal danse pusten frå publikummarane tidleg i september.

– Absence har vore i området før, med den kulturelle skulesekken. I fleire år har eg høyrt lærarar som skryt over det høge nivået dei held, fortel Holmen, som gler seg til at endå fleire skal få sjå den energiske dansegruppa.

Han gler seg også litt ekstra til Opera Nordfjord sin eigenproduserte familiemusikal i slutten av november, basert på teikneserien Charlie Brown. Der vert det mange lokale barn og unge med.

– Opera Nordfjord er utruleg flinke til å få ekstremt mykje ut av dei unge som er med i produksjonane, seier Holmen, og understrekar at ein heller ikkje må gløyme av den årlege operaframsyninga deira i oktober.

I år er det Hoffmanns eventyr som vert sett opp, og Thomas Ruud skal spele den mannlege hovudrolla.

Variasjon som aldri før

Ein får kjenne på lattermusklane når Ina Breivik set opp showet «Margot - Alt i boks», og når Henrik Thodesen inviterer til lattergalla midt i julebordsesongen.

Litt meir seriøst vert det når Riksteateret set opp «Min kamp» og Sogn og Fjordane teater syner «Kvinna frå før».

I årets program er det også satsa stort på foredragsholdarar. Legen og forfattaren Berit Nordstrand kjem for å gi sine livsstilsråd. Hans-Wilhelm Steinfeld skal fortelle om hendingar frå sitt eige liv i foredraget «Russiske røvarhistorier». Publikum kan i år som i fleire år tidlegare, gle seg til den tradisjonelle julekonserten med Hanne og tre tenorar tidleg i desember. Fleire musikalske innslag i haust kjem frå den amerikanske country-musikaren Doug Seegers og danske Hanne Boel.