Vidar Andreas Bakkebø er med på å bidra til at Eid kino er den einaste kinoen i Nordfjord som opplever auke i besøkstalet. Andre stader er man bekymra.

– I løpet av dei siste tre månadene har vi vore på kino fire gongar. Det gjer vi for å sjå dei nyaste filmane som kjem ut, fortel Vidar Andreas Bakkebø frå Kjødepollen og Karoline Midtli frå Stryn.

Før helga var dei blant gjestene som kom til Eid kino for å sjå den siste filmen i Hobbiten-triologien.

Med det legg dei igjen kroner i kassa til den einaste kinoen i Nordfjord som opplevde auke i besøkstala i fjor. Kinoen i Eid hadde i fjor 10.043 besøkjande, ein auke på 39.

– Vi er stolte over at vi klarte å halde målet om 10.000 besøkjande, når vi ser at det er ein generell nedgang på kinobesøk på landsbasis. For oss var det Hobbiten som kom rett før jul som gjorde at vi nådde målet, seier Elin Paulsen, prosjektleiar for Eid kino.

Ho meiner at kinoen i operahuset har eit godt rykte, men at dei må gjere meir for å appellere til vaksne og eldre.

– Primærgruppa som går på kino er ungdommar og småbarnsfamiliar, og vi vil ha fleire i aldersgruppa 35–65 år. Vi tilbyr dagkino for eldre, og vil gjerne sett opp meir smalare filmar, seier Paulsen.

Les mer om saken og se full oversikt over kinotallene i mandagens papirutgave av Fjordenes Tidende.