Inger Mette Sefland i Hjelmelandsdalen i Eid satsar på gammalt koftemønster frå Nordfjord. Frå selskapet Sefar sel ho no garn og ferdigstrikka Olga-kofter.

– Det er viktig å ta vare på det gamle mønsteret, meiner Sefland.

Strikkemønsteret lærte ho av farmora si Olga Simonsdatter Leivdal.

– Som barn mista ho mor si, og hennar bestemor Marie på Nordfjordeid lærte farmor dette mønsteret. Men dette eidamønsteret har på ein måte forsvunne frå overflata, fortel Sefland.

No tar ho mønsteret fram i lyset igjen. Mønsteret har tålt det tøffe livet langs fjorden og generasjonar si rundreise frå Nordfjord via Svalbard, Lofoten og tilbake til Nordfjord igjen etter krigen.

– Farmor var glad i Nordfjord, og strikka dette mønsteret. Gjennom åra fekk ho 14 barnebarn. Ho strikka jakke til oss alle, minnast Sefland.

Berga mønsteret

Kofta har eit karakteristisk rutemønster, som vart forlenge med eit anna mønster etter kvart som barnet vaks.

– Då eg sjølv skulle strikke til min eigen son, valde eg farmor sitt mønster. Då sonen min kom med jakka på ein 17. mai, fekk eg mange kommentarar frå eldre damer om at denne minna dei om noko dei hadde sett då dei var unge, seier ho.

Sefland begynte å undersøke om koftemønsteret, og det endte med at ho søkte og fekk rettsvern for mønsteret.

– Dermed har eg einerett til å bruke det, og eg har berga den handstrikka varianten, seier ho.

Kultur og identitet

No har ho starta selskap of sel både garn og ferdigstrikka Olga-kofter med det gamle mønsteret.

– Koftemønsteret er ein del av vår identitet i Nordfjord. Ingrid Sandnes på Eid, Husfliden i Bergen og mor mi er sentrale personar for å ha klart å få produktet ut. Eg har fått mykje positive tilbakemeldingar, fortel ho.

Firmanamnet Sefar har ho henta frå heimgarden.

– Før 1600-talet var her fire Seflandgardar, der Sefarland er den eldste skrivemåten. Det var dermed naturleg for meg å bruke dette namnet, seier ho.

Vil bidra til kulturvern på sin måte

– Kulturminner er viktig, seier Inger Mette Sefland. Heimgarden på Sefland har sju verneverdige hus og er full av kulturminne.

– Tunet slik det er i dag er det tippoldefar som har laga. Han var kyrkjebyggjar, var opptatt av tømmer og dette ser ein fleire stadar her, seier ho.

Riksantikvaren sitt motto er «Vern gjennom bruk», og det vil ho gjerne gjere til sitt eige motto.

– Eg vil bidra i kulturvern på min måte. Å ta vare på det gamle koftemønsteret er ein del av det. Men på garden her har det også vore industriell framstilling av våpen og reiskap til militæret. Her er kolmile, tjæremile, og fleire typar steinlager som vart brukt til industriell produksjon. Fylkesarkivaren har vore her, og Miljødirektoratet har slått fast at her er 4,8 dekar med slåttemark.

– Når ein sit med ein slik eigedom er det også naturleg med næring som passar. Kofta er ekstrainntekt på eigedommen. I dag vert sjølve strikkejobben gjort på maskin i England, den vert vaska her, sydd ned og montert her hos oss. Håpet er at ein på sikt kan kjøpe strikkemaskin, og gjere all produksjon her. Men no får vi sjå i kva skala det tar av, seier Sevland.

I dag har ho avtale med Husfliden i Bergen som tar inn kofta.

Fekk 100.000 kroner i støtte

Inger Mette Sefland ville meir enn å sitte med eineretten til koftemønsteret. Det blei samarbeid med Selbu Spinneri AS.

No kan interesserte kjøpe strikkepakke og mønster frå henne. I tillegg har ho fått laga prototype av jakke og genser på ny teknologi, med norsk ull frå norske spinneri, slik at den kan få ein fornya bruksverdi. Etter ho tok rettsvern på mønsteret, har ho utvikla ein tynnare variant. Og i dag kan ein få kjøpt både strikkepakken Olga Original, og jakker og genserar av Olga Novus (av latin fornyer) i ulike fargar.

Sevland har fått 100.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til dette, i tillegg til å ha investert like mykje sjølv.Sevland ser store moglegheiter i strikkemønsteret, og håper interessa kan få lokal forankring.