Lokal historieprofessor Karl Egil Johansen, som i fjor heldt foredrag for fulle hus ved Hagevik Tøndefabrikk, kjem til helga tilbake for å snakke om sildeeventyret i 50-åra.

Karl Egil Johansen skal vere ein del av tønnefabrikken sin opne dag som vert arrangert til helga. Johansen skal snakke om det eventyrlege vintersildeventyret i 1950–åra.

– Det blir eit fasinerande og rikhaldig foredrag frå ein dyktig og engasjert historieforteljar, seier eigar Per Henrik Gillesvik som også fortel at 1950–åra var stordomstida innan både sildefiske og bøkkarfaget.

Per Henrik og broren Magnar Gillesvik held til helga ope hus på Hagevik Tøndefabrikk. Begge har lært seg bøkkarfaget og vil i løpet av helga vise publikum korleis ein lagar ei sildetønne frå start til ende.

– Vi håpar at like mange vil kome i år for å sjå kva bøkkarfaget går ut på, og så klart få med seg foredraget på søndag, seier brørne.

I den 108 år gamle freda tønnefabrikken vil det også bli enkel servering

– Det blir sal av tønneprodukt, samt enkel servering som kaffi, kaker og vaflar, freistar Per Henrik.

Hagevik Tøndefabrikk er den einaste freda tønnefabrikken i Norge og prosjektet har tidlegare fått økonomisk støtte frå Kulturminnefondet til istandsetjing av den historiske fabrikken.

Det var bestefaren til dei to brørne, Henrik Gillesvik, som starta fabrikken i 1904. Sidan har den vore i familien.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.