Rundt 450 personar var samla for å få med seg den tradisjonsrike Nissefesten. I løpet av programmet dukka det fleire kjende fjes opp - mellom andre Askeladden, Kaptein Sabeltann, Elsa frå Frost og sjølvsagt julenissen. Ekstra stas var det då Marcus og Martinus entra scena.

- Skodespelet er det beste med Nissefesten, og vi gledar oss aller mest til å sjå Marcus og Martinus - for vi har høyrt at dei skal kome, sa ein gjeng med jenter Fjordenes Tidende prata med i pausen.

Sjå den store bildeserien frå Nissefesten øvst, og les meir i tysdagsavsia.