Leiinga i Elvisfestivalen måtte ta direkte kontakt med aktuelle personar for at dei skulle få nok frivillige til årets arrangement.

– For å få med fleire frivillige gjekk vi ut og sa at dei som var frivillige den eine dagen, skulle få billettar til arrangementa den andre dagen, men dette var det få som ville nytte seg av, så vi måtte ta kontakt direkte med folk som vi såg på som aktuelle for oppgåva, fortel arrangør Helge Hjelle.

Til slutt fekk dei samla om lag 30 frivillige som har bidrege med alt som trengst.

– Desse dreiv med logistikk, køyring og henting, vi hadde folk på servering og i baren, og som dreiv med sal av effektar. Vi hadde vakter som sørgde for at alt gjekk som det skulle i festivalteltet. Vi er heilt avhengige av at folk vil vere med å bidra for at festivalen skal kunne bli arrangert, seier Hjelle.

Festivalgeneralen legg til at det er fem eller seks personar som sit i styret og planlegg festivalen, medan det er om lag 25 personar som bidreg året rundt med planlegging og gjennomføring.

– Vi har dei vi treng, men vi skulle gjerne vore fleire slik at arbeidsmengda på kvar enkelt ikkje blir så stor som den har vore i det siste, har Hjelle tidlegare uttalt.