Måløy Havfiskefestival er offisielt i gong, med solskinn og flust i sjarkar i hamna - og ikkje minst eit yrande folkeliv på Torget.

Den første av fire fiskekonkurransedagar i NorgesCupen under årets havfiskefestival er gjennomført, og dagens fangst ombord i båtane. Innveginga er også i gong, med både spente deltakarar og publikummarar.

I morgon er ein ny dag for fiskekonkurransen i NorgesCupen. Det vert også i morgon servering i rorbuteltet og Havets skattekiste for born.