Med strålande vêr og oppimot 3.000 besøkande får årets kystfestival i Kalvåg truleg eit overskot på oppimot 60.000 kroner, ifølgje festivalsjefen.

– Alt klaffa denne helga, og med det fine været som var, så blei det kjempegreier, seier ein fornøgd Arvid Olav Langeland om overskotet frå årets kystfestival.

Med oppimot 30 sponsorar gjekk dei i pluss allereie før festivalen hadde starta.

– Vi er heldige og har mange sponsorar, seier Langeland og legg til at festivalen truleg vil ha eit større overskot i år, enn kva dei har hatt tidlegare år.

Han fortel også om eit yrande folkeliv under kystfestivalen, der folk i alle aldersgrupper var i aktivitet.

– Eg vil tippe at det var mellom 2.000 og 3.000 besøkande i Kalvåg denne helga. Til vanleg bur det rundt 450 innbyggjarar i den vesle bygda.

Knutholmen starta festivalen på byrjinga av 90-talet, og Kalvåg kystlag har vore arrangørar dei siste elleve åra.

– Berre på bryggedansen var det meir enn 700 menneske som deltok, legg Langeland til.

Festivalsjefen fortel om mange høgdepunkt frå helga, med mellom anna ein rorbu-dans, bryggedans, rokonkurranse, aktivitetar for dei minste og eit fullpakka underhaldningsprogram på laurdagen.

– Songkoret med dei profesjonelle musikarane som hadde Cafe Le Swing var ein fantastisk oppleving. Det var gjort i flott solskinn, og det var varmt og godt ute på scena. Det var utruleg mykje folk, dei fylte kaia fullstendig, fortel Langeland.

Etter festivalen har han fått mykje god respons frå deltakarane.

– Folk kom for å seie at festivalen er noko av det flottaste dei har vore med på. Vi hadde tilbod for dei aller fleste, og tilbakemeldingane var strålande. Langeland vil også rette ein stor takk til alle dei frivillige som har vore med på å lage til festivalen.

– Folk i bygda er veldig flinke til å stille opp.

Tema for årets festival var tradisjonsmat, og laurdag blei det servert sosekjøt og betasuppe til deltakarane.

– Det var utruleg populært, avsluttar Langeland.