Vamp har i eit kvart hundreår spelt på scener i heile landet. Onsdag gav bandet dei frammøtte i Nordfjordhallen nye låtar og gamle klassikarar i ei meir rocka innpakning.

– Dei er veldig flinke til å skape noko nytt. I tillegg hadde dei fleire overraskingsmoment under konserten, som nok var til glede for publikum. Avslutningsnummeret er eit godt døme på det, samanfatta Ronny Silden Totland etter konserten.

Avslutningsvis song alle dei seks bandmedlemmane a cappella. Noko som resulterte i trampeklapp frå publikum.

– Trampeklapp er alltid eit godt teikn. Publikum gjekk smilande ut frå konserten, så eg trur konserten fall i smak, seier Silden Totland.

Om lag 200 publikummarar møtte fram for å få med seg konserten til bandet frå Rogaland.

– Det er greitt til å vere ein onsdag. Hadde vi hatt konserten på ein laurdag er eg ganske sikker på det hadde vore det dobbelte med publikummarar, men eg er fornøgd, seier Silden Totland.