Sterke følelsar kom fram då Odd Jarand Rygh møtte mannen som berga han og faren frå forlis i Bremanger for 46 år sidan.

Det skal lite vind og båre til vest av Kalvåg før grunnane bryt. Og dei ligg tett. Ureint farvatn, eller paddemark som det heiter lokalt. Ein desemberkveld i 1969 kom skøyta Virka frå nord og hamna inn mellom skjera og bådane i dette området.

Om bord var Selmer Rygh og sonen Odd Jarand frå Sunnhordland. Saman reiste dei til Sunnmøre for å hente sørover skøyta Virka, som dei hadde kjøpt på Rovde. Dei tok ut på seilasen sørover søndagsmorgon for å komme rundt Stadt før ein varsla kuling sette inn.Tett snøkave, seinare kombinert med mørke hindra alle holdepunkt for navigering. I ni-tida om kvelden høyrde og såg dei seg omringa av grunnar som braut, utan passasje til fritt hav. Ein dramatikk som nagla seg fast i minnet for res-ten av livet.

Ein maidag i 2015 er Odd Jarand attende i Kalvåg, han ser Frøyaskjæra og fallgarden vestanfor i dagslys. Trygt om bord i sjarken til Gunnvald Sundsøy ser han sol over blått hav med kvit sjøsprøyt. Ein situasjon heilt ulik fyrste gongen, alt er kontrollert.

Om bord er også Dagfinn Værøy. Han som i mørkna reiste ut i fallgarden med snekka og loste Virka inn til Kalvåg. Dagfinn peikar og forklarer. Og Odd Jarand nikkar, peikar utover fludene som bryt og spør. Dagfinn forklarer området der han borda skøyta med snekka, i godt sjødrag. Turen vest om Frøyalandet i dagslys gav oversyn over skjer og grunnar i alle retningar og skapte eit større alvor for den fåren dei verkeleg var i den gong.

– Eit par timar var vi verkeleg nære på forlis den gongen. I nattemørkret med glytt av måneskin såg vi kor det braut forut. Vi endra kurs, berre for å sjå andre fluer som braut. Til sist gjekk vi i ring og var rådlause, fortel Odd Jarand.

Han kjem frå Halsnøy i Kvinnherad.

– Korleis far og eg hamna i Kalvåg for 46 år sidan kan eg nesten ikkje svare på, for det var så eventyrleg. Vi skulle starte ein liten betongfabrikk heime, og lage sementblokker. Og då måtte vi ha oss ei sandskøyte for å hente sand til produksjonen. Så fann vi ei på Rovde på Sunnmøre, på 52 fot, og den kjøpte vi på vinterstid i 1969. Verken far min eller eg var særleg kyndige til sjøs, men vi reiste og henta skøyta. Fyrste søndag i advent kursa vi sørover, fortel Odd Jarand.

Dei kom til Buholmen utfor Stadt i femtida på ettermiddagen, då det tok til å mørkne. Der skulle dei prøve å finne ein kurs over til Måløysundet. Utan vidare vart dei omhylla av tjukk snøkave, og dei såg ingenting. Ved å sjå i kartet fann Odd Jarand likevel ein kurs, på 210-220 grader og gjekk på den. Han innser imidlertid at det var ved Buholmen dei tok feil, og etter det var dei utan landkjenning.

– Vi burde gått på 165 grader, men så gjekk vi på 220, utom Kråkenes, ikkje innom Måløy. Vi gjekk for fullt, men det var ikkje store farten. Vi gjekk og gjekk, såg ikkje land eller nokon ting, ikkje trefte vi nokon heller. Så slakka vi til sakte, men prøvde å holde kursen.

– Ut på kvelden vart det ein liten glytt i snøfoket og månen kom fram. Då såg vi ein fyr oppe i fjellet austover. Vi hadde ikkje peiling på kvar vi var, vi visste det var gale, legg Odd Jarand til.

Igjen la det til med snøkave, og Virka heldt same kursen. Så letta snøen, og karane møtte ein brote med skjer, holmar og drag nett attmed båten ettersom den gjekk fram. Mellom desse kryssa dei aldri så lengje, utan peiling på kvar dei var.

– Eg trudde det var seint på etternatta, då oppdaga vi ein motorbåt heilt kloss i. Så kom Dagfinn med snekka utav svarte natta! Då eg såg lyset frå snekka, var liksom børa letta, det var fantastisk. Då var det ikkje meir problem.

Odd Jarand stansar ei lita stund for å få kontroll på stemma før han fortel vidare.

– Då var eg glad. Eg stod i styrehuset, far min var på dekk. Ein mann kom om bord og opp i styrehuset til meg. Eg trudde det var ein eldre kar, og sonen sat i snekka på slep. Og det har eg trudd i alle år, at dei var to mann. Så viste det seg altså no at det var ein mann åleine. Når historia har vore fortald har eg alltid snakka om dei to englane frå Bremanger som kom om natta og førde Virka til Kalvåg. Det er det einaste eg visste om dei som redda oss.

Det var altså Dagfinn Værøy som var gamlekaren og engelen, jamgammal med Odd Jarand viste det seg, 30 år den gongen i 1969.

– Etter turen vestom til Frøyaskjæra i dag forstår eg betre gamlekarane vi snakka med på kaia i Kalvåg dagen etter. Dei sa at eit Guds under måtte ha skjedd. Det var slikt som ikkje skulle gå an der vi hadde gått. Sjølv ikkje ein mann frå Bremanger skulle klart det. Inntil no har eg teke det med ei klype salt, eg forstod ikkje heilt alvoret i det. Men når vi er her ute i området, og desse karane, Gunnvald og Dagfinn, har forklart, så gjer det inntrykk, seier Odd Jarand.

Natta til 8. desember låg Virka ved kai i Kalvåg, karane kunne kvile etter strabasane. Dei kasta laust i Kalvåg klokka elleve på føremiddagen. Heile måndag gjekk med til reisa sørover, og det vart kveld på nytt. Då var dei imidlertid komne til kjende trakter, hugsar Odd Jarand, som er takksam og glad for at Gunnvald Sundsøy tok opp tanken om eit møte med Dagfinn.

– Ja, no har eg møtt att engelen. Det er ein fantastisk oppleving å få helse på Dagfinn. Ja, det var ikkje enkelt å ikkje sleppe ei tåre.

– Kva tankar hadde du og far din når de låg ute mellom skjera som braut? - I grunnen snakka vi ikkje så mykje. Eg var ung, berre 30 år, kanskje hadde eg ikkje vet på kor alvorleg det var. Far var sint som berre det, og sikkert redd. Utan hjelp ville vi truleg gått på ei grunne, og det ville gått heilt gale. Eg trur beint fram vi hadde ikkje livbåt om bord.