– Vi tek det som eit signal om eit godt program og ein flott stad å reise til, seier seniorrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe om den store interessa til pilegrimskonferansen i Selje.

5.–7. juni blir det arrangert nasjonal kyrkjeleg pilegrimskonferanse i Selje med temaet livet, legenda, lyset og landskapet. Interessa har vore enorm, ifølge arrangørane.

– Det er 85 påmelde frå heile landet, lek og lærd, ung og gamal. No stenger vi påmeldinga, «båten ber ikkje fleire», seier Grung Moe som jobbar for Bjørgvin bispedøme.

Dette er den fjerde nasjonale kyrkjelege pilegrimskonferansen. Interessa var så stor at arrangørane sleit med å finne husrom til alle tilreisande. Takka vere god hjelp frå enkeltpersonar i Selje og på Stad, Turistinformasjonen, St. Sunniva Kloster og Anne Sissel Bergun frå Pilegrimskontoret i Oslo løyste overnattingsproblema seg til slutt.

– Eg trur helga blir rik på bøner, songar, vandring, samtale og stille – kring hovudtemaet om korleis heilagstadane berører oss og kva den enkelte av oss gjer for å verna skaparverket, fortel Grung Moe.

Ho gler seg til festdagar i Selje i høve 1000-årsminnet for Olav Haraldsson si ilandstiging på Selja, utviklinga av Kystpilegrimsleia og auka bevisstgjering om vern av Skaparverket. I arbeidet med programmet har dei vore opptatt av å sikre høg kvalitet i alle ledd.

– I alt frå transport, overnatting og kost til fagleg, musikalsk og åndeleg innhald. Vi har mange gode folk som bidreg, både i Selje, i pilegrims-Norge generelt og i dei sentralkyrkjelege organisasjonane.

Alf Tore Hommedal måtte dessverre trekkje seg frå årets program, men arrangørane har allereie funne erstatning i programmet.

– Lisbeth Mikaelsson frå Universitetet i Bergen kjem og vil snakke om «Den hellige Sunniva og Selja». Biskop Halvor Nordhaug tek for seg det aktuelle temaet «Pilegrimsreisar - også for protestanter?».