– Vi gler oss mest til rappellering og juvsving, gliser Andrine Midtbø og Malene Solvang frå Svelgen oppvekst.

Femti elevar frå Hauge, Davik og Svelgen har innhaldsrike dagar på ekstremveka som blir arrangert i og rundt Langesjø hyttegrend i Bremanger.

Her får dei prøve seg på alt frå flåtebygging, til kajakkpadling og orientering. Dei får også demonstrasjonar frå Røde Kors, trafikkstasjon, politi og helsestasjon. I tillegg er det gruppeleikar og aktivitetar.

– Desse dagane handlar om å ta ansvar. Det er lov å spørje, men tenk først sjølv, seier Rogier van Oorschot frå Davik. Han driv Norway Adventures som skreddarsyr naturopplevingar, og er innleigd for å gi niandeklassingar i Bremanger ei oppleving for livet.

– No er det vel 600 bremangerungdommar vi har fått gjennom her på dei 12 åra vi har arrangert dette. Her må ein lære å ta omsyn og ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei møter også nokre grenser dei kan tøye litt. Mange får «boost» i sjølvtilliten. Noko av det viktigaste er å ha det sosialt, og her jobbar ein i lag i blanda grupper, fortel van Oorschot.

Må slå leir

Første post på programmet er å slå leir, der samarbeid for å sette opp lavvo er viktig. Tidlegare år har nokon erfart at det ikkje er lurt å ligge i ei myr.

– Vi har i alle fall funne tørraste plassen, meiner ein jentegjeng frå Svelgen oppvekst. Dei hadde øvd seg på å sette opp lavvo på skulen.

– Det beste er å ha ei tynn madrass å ligge på. Om ein har ei tjukk luftmadrass vert det kald luft inne i den, og då blir ein kald når underlaget er kaldt, fortel Andrine Midtbø.

– Vi har den desidert beste plassen, seier Vebjørn Solberg, som gleder seg aller mest til rappellering. Han gleder seg over aktivitetsveka.

– Gjennom fotballag og etter å ha vore konfirmant kjenner eg mange frå før, og så er det gøy å møtast igjen, seier han.– Elevane er godt førebudde til å ligge ute og er ganske vande med å vere med på tur. Kvar haust reiser vi på tur med overnatting med ungdomsskuleelevane. Då har vi sosialveke og søv i naturen. Det er viktig at dei blir glad i naturen ein har rundt seg, seier lærar Ingrid Bueie ved Svelgen oppvekst.

Samarbeid

– Aktivitetsveka er eit samarbeidsprosjekt mellom politiet og tverrfagleg i Bremanger kommune. Vi har god hjelp frå frivillige lag og organisasjonar, Røde Kors, klatreklubben stiller opp med juvdraging, og trafikkstasjonen stiller med rusførebyggjande tiltak. Meistring er fellesnemnaren, i tillegg til at ein lærer det offentlege apparatet å kjenne. Vi bryr oss om kvarandre. No flyttar ein eigne grenser. Ungdommane er flinke og er med på alt, men vi pressar ikkje folk for langt. Ved å klare nye ting vert dei styrka, og stolte som gudar. Desse dagane gir også gode minner, og dei kjenner heimkommunen betre, også dei offentlege instansane, seier Randi Ytrehus, kommunalsjef for helse og omsorg.

Det var tidlegare skulesjef i Bremanger, Gunnar Skjølberg, som brann for aktivitetsveka for niandeklassingane. Og på 12. året no får ungdommen lære naturen og opplevingane å kjenne. Også lensmann Espen Gulliksen er full av lovord.

– Det er kjempestas. For oss i politiet er det viktig både på grunn av det førebyggjande og ikkje minst det å knytte kontakt med ungdom. Då er dialogen i gang. Det er verdifullt både for dei og oss, meiner Gulliksen.