Fjerde årgangen av Vågsøy historielag si årbok ligg no føre i same grafiske utforming og omfang som dei tre tidlegare. At det er 75 år sidan andre verdskrig byrja pregar boka.

Mange av tekstane i denne utgåven av boka er knytte til hendingar som i år har vore markerte, til dømes krigsutbrotet i 1940.

– To kvinner frå Vågsøy fortel om flukt frå Bergen og heim til landsbygda i aprildagane 1940. No avlidne John Osmundsvåg skreiv på 1990-talet ned det han opplevde i april 1940. Men der er òg andre bidrag om hendingar frå krigsåra, skriv historielaget i ei pressemelding.

Vågsøy ungdomsskule har runda 50 år. Politikarane har den siste tida diskutert om den nedslitne skulen skal rivast eller rehabiliterast. I årboka minnest lærarar og elevar frå første skuleåret korleis dei opplevde kvardagen ved skulen.

Ein av tekstane gjer greie for det lokale førearbeidet som vart lagt ned av skulefolk og politikarar før skulen stod ferdig i 1965.I boka kan ein òg lese om bakeria i Måløy på 1950-talet, barndomsminne frå Raudeberg, ei strabasiøs tenestereise og ein dansk offiser som har late etter seg seg eit kulturminne på Silda.