Dei to står i bresjen for UKM i Vågsøy og Selje, og samarbeidar no for fjerde år på rad.
- Det å samarbeide er nok litt av suksessen, og bidreg til at vi held eit høgt nivå, fortel dei.
I år var dei to særleg fornøgd med at deltakarane viste fram så mykje ulikt.
- Andre år har det vore veldig mykje song, men i år har vi med både band, korps og dans. Det er superkjekt!, smiler dei.
Strand og Helgesen trur folk gløymer at ein kan delta med nesten kva som helst.
- Vi har hatt folk som har gjort alt frå å lese novelle til å trikse med fotball - det meste går an, så vi oppmodar særleg lærarar til å tipse elevane sine om å melde seg på. Det er både kjekt og ei veldig nyttig erfaring å ta med seg, påpeiker dei.
I tillegg til dei 16 sceneinnslaga var det også fleire deltakarar med i utstillingar.
Les meir om UKM i tysdagsavisa og sjå alle bilda frå dagen øvst.