Denne veka er til saman 27 KFUK-KFUM-speidarar frå Raudeberg og Selje på landsleir i Asker.

– Eg synest det er betre å sove i telt enn å sove heime, seier Daniel Henden Haugen, som er ein av 5.500 speidarar som er samla i Asker på landsleiren for born og unge født etter 2003.

Mottoet for leiren er «tett på».

– Det vil seie at dei kvar dag lærer å vere tett på kvarandre, tett på Gud og tett på naturen, seier leiar for speidarane på Raudeberg, Guttorm Lillestøl.

– Dei må klare å leve med kvarandre, dei må lage mat frå grunnen av, og passe på at alle har det bra, legg han til.

Veka er full av aktivitetar som deltakarane kan vere med på.

– Det kjekkaste er leirbål, som er ei stor samling der det er konsertar og eit bål, fortel Daniel.

– No er vi ferdig pakka til ein «hike». Då skal vi gå ein tur opp på eit fjell og overnatte der, fortel han.

Det vanskelegaste med å overnatte utandørs i telt, er ifølgje speidaren å pakke riktige kle.

– Det er betre å ha med seg to par lester for mykje enn å ha med seg for lite, slår han fast.