No kan du og lokalsamfunnet ditt vinne pengar og få hjelp til å skape ein Draumeplass i naturen. Det er 4H som står bak konkurransen, med støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Årets julegåve til friluftsfolket i fylket kom frå Gjensidigestiftelsen, og lyder på 800 000 kroner til prosjektet Draumeplassen.

- Ei fantastisk flott gåve! No kan vi halde fram arbeidet med å lage endå fleire naturmøteplassar i fylket, smiler Inger-Margrethe Sørland (21), leiar i 4H Sogn og Fjordane.

Pengar og prosjekthjelp

Draumeplassen blir lyst ut som ein konkurranse mellom lokale organisasjonar i fylket våren 2017. Det vil bli kåra i alt fem vinnarar som kvar stikk av med 100 000 kroner, og som vil få hjelp av 4H til å utvikle det lokale prosjektet.

4H Sogn og Fjordane har jobba mykje med naturmøteplassar dei siste åra. Sidan 2008 har 4H-klubbar saman med lokale samarbeidspartar skapt heile 46 naturmøteplassar i fylket.

Dei to siste åra har fylkeslaget utvikla nettsida naturmøteplass.no og er snart klar med fire byggepakkar for naturmøteplassar med 3D-modell, teikningar, materiallister, budsjett og tips til prosessen. Våren 2015 lyste 4H for første gong ut Draumeplassen-konkurransen. Då trakk Davik og Solund dei lengste stråa, i konkurranse med 17 andre lokalsamfunn. Premien var prosjekthjelp, arkitekttenester og pengar til å utvikle ein draumeplass.

- Vi såg gjennom den førre konkurransen at dette mobiliserer lokalsamfunna. Det kom inn veldig mange gode søknader, og alle kunne lett ha blitt kåra til vinnarar. No skal vi kåre fem vinnarar, og vi håpar at konkurransen kanskje kan bli nasjonal på sikt. Alle kan delta i konkurransen, den er ikkje berre for 4H-klubbar, understrekar fylkesleiar Inger-Margrethe Sørland.

Vil ha med dei unge

Sørland har sjølv vore aktiv med på å skape naturmøteplassen ved Bergheimsvatnet på Breim for eit par år tilbake, og ser kor mykje aktivitet denne plassen har skapt.

- Naturmøteplassen er i stadig bruk av både 4H, andre organisasjonar og av privatpersonar som vil ha seg ein tur ut.

I tillegg til konkurransen vil 4H gjennom prosjektet opprette bloggar frå dei lokale draumeplassprosjekta, arbeide vidare med å utvikle nettsida naturmøteplass.no og lage eit prosjekthefte om naturmøteplass for ungdom mellom 12 og 18 år.

- Vi vil mobilisere alle aldersgrupper i det lokale arbeidet med naturmøteplassane. Dette har vi gjort med stor suksess dei siste åra. Vi vil at dei unge skal få sentrale roller i både planlegginga og i arbeidet med å lage naturmøteplassane, seier Sørland.