Arbeidsgruppa som jobbar med å bygge opp eit kulturhus på Raudeberg ønskjer å lage eit samlingspunkt som skal vere attraktivt i generasjonar framover.

– Når vi no lagar eit kulturhus så må vi tenke framover og lage det ungdommeleg. Det er ikkje noko poeng i å lage eit tradisjonelt kulturhus som ikkje trekker til seg ungdom, for det er dei som skal bruke det i framtida, fortel Edvard Iversen, styreleiar i Nord-Vågsøy kulturhus SA.

Saman med Ole Mathisen og Arne Horn sit han i arbeidsgruppa for det nye kulturhuset.

Vrimleareal og museum

Kulturhuset vil bli delt inn i tre salar, som både kan nyttast saman eller som eigne rom. Ingen av salane har fått namn enno. Sal 1 skal vere hovudsalen der ein vil ha eit vrimleareal med sittegrupper. Sal 2 skal ha ei 40 centimeter høg flyttbar scene og sal 3 skal kunne brukast som eit øvingslokale for musikk og samstundes vere eit lite museum.

– På nordveggen ønskjer vi å få til ei lita utstilling. Roald Refvik har samla inn ulike ting frå skulen på Raudeberg og Vågsøy ungdomsskole, og det ønskjer vi å vise fram. Vi har ikkje så mykje plass, men noko skal det bli, fortel Iversen.Kulturhuset vil også innehalde eit eige leikerom for barn.

– Det blir nesten aldri arrangert kulturtilstellingar utan at det er barn med, og sidan vi har avgrensa med uteplass har vi laga eit eige leikerom, som ein har god oversikt over frå salane, forklarar Iversen.

Ein ny giv

Etter mange rundar med diskusjonar med arkitektstudent Roy Husevåg og interiør designer Rikke Danielsen om utsjånad og form på kulturhuset, ligg no illustrasjonane klare. Dette skapar ny giv for dugnadsgjengen, som må henge i om dei skal nå opninga som er planlagt til 20. oktober.

– Då arkitekt Roy Husevåg kom inn i prosjektet vart dette eit heilt anna konsept enn vi hadde sett føre oss. Vi tenkte nok alt for tradisjonelt. No får vi med oss unge folk til å lage eit hus som ungdomen skal ha lyst til å nytte seg av, seier Iversen, og legg til:

– Vi har vore klar over korleis det skal sjå ut ei stund, men det er veldig kjekt å få vise det fram til folk.